Innspel til trafikktryggleiksplanen for Kviteseid kommune
Kviteseid kommune arbeider med ny trafikktrykkleiksplan for perioden 2026 - 2031. Me vil gjerne ha ditt innspel.

Kommunens gjeldende trafikktryggleiksplan er for perioden 2019 - 2025. Me ynskjer nå å revidere planen og utforme ein ny plan for perioden 2026 - 2031.
Me ynskjer innspel på haldningskapande arbeid og fysiske tiltak som kan gjere det endå tryggare å bevege seg i trafikken i Kviteseid kommune.
Innspel sendast til post@kviteseid.kommune.no innan 19.september 2025.
Trafikktryggleiksplanen vil bli lagt ut til offentleg høyring etter innspelsrunde. Endeleg godkjenning av trafikktryggleiksplanen vil vera i kommunestyret i løpet av hausten.
Utkast til trafikktryggleiksplanen 2026 - 2031 kan du laste ned her. pdf, 1 MB.
Sist oppdatert