Varsel om kraftige vindkast og mykje regn fyrste helga i oktober

Meteorologisk Institutt melder kraftige vindkast og mykje regn for deler av Austlandet fyrste helga i oktober.
Kraftige vindkast på gult nivå (20-25 m/s frå søraust) frå midnatt til ca. kl. 14 laurdag 4. oktober. Les varselet her: Varsom.noLenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Lenke til et annet nettsted.
Mykje regn på gult nivå (lokalt 40-50 mm/12 t) frå ca. kl. 20 fredag 3. oktober til ca. kl. 14 laurdag 4. oktober. Les varselet her: Varsom.noLenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Lenke til et annet nettsted.
Informasjon og råd til deg som innbyggar:
- Sikre lause gjenstander, f.eks. søppeldunkar, hagemøblar og trampoliner.
- Vurder om reisa er nødvendig, fylg råd frå Statens vegvesen og sjekk vegmeldingar på vegvesen.no/trafikkLenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Lenke til et annet nettsted..
- Ver ein god beredskapsvenn: Er det nokon i din krets (nabo eller venn) som kunne trenge ei hjelpande hand?
Kviteseid kommune har ei eiga temaside på nettsida vår som omhandlar beredskap og krisehandtering. Der finn du mellom anna info om eigenberedskap, kommunal beredskap og møteplass/kontaktpunkt ved lengre utfall av straum og/eller telefon- og mobildekning.
Sist oppdatert