Eigenberedskapsveka 2025
Eigenberedskapsveka 2025 arrangerast i veke 44, frå måndag 27. oktober til søndag 2. november.

Målet er å auke bevisstheit og kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer førebuingar. Det vil gjera både deg og lokalsamfunnet betre rusta til å handtere kriser og hendingar som kan oppstå – til dømes langvarige straumbrot.
Alle treng ikkje gjere alt åleine. Det kan være lurt å samarbeide med vener, familie eller naboer om egenberedskap.
Sjølv om det meste fungerer godt i Noreg, kan ulike kriser føre til at alle tenestene som vi tar for gitt, kan bli borte i kortare eller lengre periodar. Slike kriser kan til dømes vere ekstremvêr, pandemiar, ulykker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar. Vi bør førebu oss på å klare oss sjølve i ei veke – utan til dømes straum, vatn, kloakk, internett, mobilnett og betalingsløysingar.
Sjekk www.sikkerhverdag.no for tips om egenberedskap Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert