Rådgjevar – Regionalt kompetansesenter for energisaker - 100 % - 3-årig prosjekt stilling

Vil du vere med å bygge opp Noregs fyrste regionale kompetansesenter for energisaker?
Kraftkompetanse KO er eit nytenkande og framtidsretta kompetansemiljø – eit kommunalt oppgåvefellesskap som samlar krafta frå åtte engasjerte kommunar (Tinn, Hjartdal, Vinje, Tokke, Fyresdal, Nissedal, Kviteseid og Seljord) og Telemark fylkeskommune. Sidan etableringa i 2020 har me arbeidd for å sikre og utvikle verdiane som ligg i regionens rike naturressursar.
Me er eit formalisert kommunesamarbeid for kraftsaker og forvaltning av naturressursar, og spelar ei nøkkelrolle i å styrke kommunane si evne til å forvalte eigne rettar, møte nye miljøkrav og skape berekraftig utvikling. Gjennom samarbeid, kompetansedeling og strategisk innsats bidreg me til å gjere kommunane mindre sårbare og meir handlekraftige.
Kraftkompetanse er ikkje berre ein arbeidsplass – det er ein arena for påverknad, utvikling og fagleg vekst. Her får du vere med på å forme framtida for kraftregionen Telemark, og bidra til at verdifull kompetanse blir verande og vidareutvikla i regionen.
Kraftkompetanse har per i dag ein person tilsett, men med auka aktivitet og ambisjonar kjem også behov for å bygge laget. Me søkjer difor etter ein engasjert medarbeidar som vil vere med på å forme framtida for kraft, energi og nett i Telemark. Det er store prosjekt på gang innan kraft- og nettutbygging, og me står no i startgropa for å utvikle eit meir heilskapleg kompetansesenter som skal bli ein sentral støttespelar til kommunane i Telemark i handsaming av energisaker. Korleis skal kommunane balansere mellom samfunnsutvikling, klima og natur? Dette er ei unik moglegheit for deg som vil vere med å utvikle eit framtidsretta fagmiljø, bidra til lokal verdiskaping og vere tett på dei store endringane som skjer i kraftbransjen.
Rådgjevarstillinga er ei 3-årig prosjektstilling med moglegheit for fast tilsetting etter at prosjekttida på 3 år er over. Stillinga vil vere sentral i å bygge opp eit regionalt kompetansesenter for kommunane i Telemark.
Sist oppdatert