Høyring - Ny samfunnsdel, forslag til planprogram og melding av oppstart - 2025-2037

 

Penn og papir

Formannskapet i Kviteseid kommune som er styringsgruppe for arbeidet med ny samfunnsdel vedtok i møte 20.11.2025, sak 84/25 i medhald av plan og bygningslova §§ 4-1, 11-12 og 13 å melde oppstart av arbeidet med samfunnsdelen til kommuneplanen, og å legge planprogrammet ut til offentleg ettersyn.

Samfunnsdelen skal synleggjere dei strategiske vala for samfunnsutviklinga i kommunen både som organisasjon og for kommunesamfunnet, og skal vise korleis kommunen arbeider med overordna omsyn som bl.a. folkehelse, barn og unge, klima og miljø, integrering og næringsinteresserte.

Planprogrammet omtaler føremålet med planarbeidet, planprosess med fristar og opplegg for medverknad, kva tema som vil ha fokus, både for kommunen som samfunn og som tenesteytar.

Frist for innspel til planprogrammet er 09.01.2026

E-post: post@kviteseid.kommune.no

Brev: Kviteseid kommune, Kviteseidgt 30b, 3850 Kviteseid

Vedtak formannskapet 20.11.2025 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Planprogram til høyring pdf, 323 kB.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?