Regodkjenning

Kviteseid regodkjent som trafikksikker kommune

Vi har i dag hatt møte med Trygg Trafikk.

Kviteseid blei i dag regodkjent som trafikksikker kommune.

Dette er eit viktig arbeid for oss. Å jobbe med haldningar og informasjon kring trafikksikkerheit er viktig i alle aldrar.

Frå born er små til inn i arbeidskvardagen vår må vi forhalde oss til trafikk på fleire måtar.

Trygg Trafikk gav kommunen ros for arbeidet som blir gjort og fann ikkje grunn til å ikkje regodkjenne oss for perioden 2026 - 2028.

På bilete:

F.v. Tor Egil Syvertsen (Trygg Trafikk), Solveig Torsdalen (vara hovudverneombod), Laila Thorsen (kommunedirektør), Tarjei Gjelstad (konstituert kommunalsjef samfunnsutvikling og teknisk) og Espen Aarnes (Trygg Trafikk).

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?