Me gratulerar
Kviteseid skule med miljøfyrtårnsertifisering
Kviteseid kommune arbeider med miljøfyrtårnsertifisering av einingane og Kviteseid skule vart godkjent nå rett før joleferien.

Frå venstre: Alexander Landsverk Wisland, Siv Omtveit Aasan, Tarjei Gjelstad
Arbeidet med sertifiseringa starta opp i haust og resultatet vart godkjent nå før joleferien.
Ansvarlege for arbeidet har vore konstituera rektor Alexander Landsverk Wisland, avdelingsleiar Siv Omtveit Aasan og miljøfyrtårnansvarleg i kommunen Tarjei Gjelstad.
Frå før er kommunehuset sertifisera. Arbeidet med å sertifisere dei andre einingane er i gang. Dei neste ut er barnehagane, Kviteseid omsorgssenter og heimetenesta. Målet er å være ferdig i løpet av 1.halvår 2026.
Sist oppdatert