Bli med og gjer ein forskjell - me søkjer støttekontaktar!

Hender saman

Er du interessert i å bidra som støttekontakt og hjelpe menneske som treng støtte i kvardagen? Kommunen søkjer nå personar som ønsker å stå på ei liste over moglege støttekontaktar, som kan kontaktast ved behov for å støtte enkelte personar i ulike livssituasjonar

Kva inneber det å vere støttekontakt?

Som støttekontakt vil du ha ei viktig rolle i å hjelpe personar som treng sosial støtte og aktivitet i kvardagen. Du kan vere med på å leggje til rette for aktivitetar som for eksempel turar, besøk, eller andre typar sosial kontakt, basert på den enkelte sitt behov. Arbeidet er variert og kan innebere å støtte eldre, menneske med utviklingshemming, personar med psykiske helseutfordringar eller andre grupper som treng hjelp i kvardagen.

Krav til støttekontaktar:

  • Du må kunne disponere eigen bil, då transport kan vere ein del av oppdraget
  • Du må vere fleksibel og kunne tilpasse deg den enkelte sine behov
  • Du må ha interesse for å jobbe med menneske og kunne utvise empati og ansvar

Godtgjersle:

Støttekontaktar får for tida ei godtgjersle på kr 203 per time, samt kilometer- og utgiftsdekning etter gjeldande vedtak for den enkelte brukar. Kommunen lagar oppdragsavtaler med alle støttekontaktar.

Me treng støttekontaktar til personar i alle aldrar:

  • Eldre menneske
  • Menneske med utviklingshemming
  • Menneske innan psykisk helse
  • Og fleire andre grupper i alle aldrar

Dersom detta høyrest ut som noko du kunne tenke deg, ber me deg ta kontakt med oss for å bli inkludert på lista over støttekontaktar. Me kontaktar deg når eit behov oppstår som kan passe med dine kvalifikasjonar og interesser.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?