Simulatorskjoting

Har du som ikkje kjem deg ut i naturen lengre av ulike grunnar, slik som: Kogniiv svikt, dårleg til beins eller andre grunnar savna jakta?
Her har du sjansen til å vere med å skyte på simulator med Kviteseid Demensforening i samarbeid med Kviteseid Jeger og fisk. Her kan det for eksempel. skytast på elg, villsvin, fuglar, leirduver
Kviteseid demensforening er under paraplyen til Nasjonalforeningen for folkehelse. Mei Demensforeninga ser det som god folkehelse i at de kan møtast å ha trivelege kveldar saman på Bjørnstadbua, skyte og snakke jakt.
Køyrer du ikkje sjølv, kan kanskje ein pårørande; ektefelle, syster, bror, born eller andre kjøre deg ned til oss. Då kan dei som ikkje skal skyte, samlast oppe i 2. etg på Bjørnstadbua og slå av ein triveleg prat.
Du får veiledning og hjelp til skytinga
Me har planer om å servere, kaffe, drikke og noko å bite i desse kveldane.
Sist oppdatert