Informasjon om redusert kapasitet innan oppmålingstenestar

Interkommunalt plankontor for Kviteseid og Nissedal er for tida utan oppmålingsingeniør.

Dette fører til at behandling av oppmålingssaker vil ta lengre tid enn normalt. Vi beklagar dei ulempene dette kan medføre, og jobbar med å finne ei løysing så snart som råd.

I tida vi er inne gjelder også vinterforskrifta, som inneber at gjennomføring av oppmålingsforretningar er avgrensa og blir utsett på grunn av vèr- og grunnforhold. Vinterforskrifta gjeld vanlegvis i perioden 15 november til 30 april, og fører til at oppmålingsarbeid ofte må vente til forholda er eigna for feltarbeid. Søkarar må med bakgrunn i dette ta høgde for moglege forseinkingar fram mot sommaren.

Søknader om frådeling etter plan- og bygningslova blir fortsatt behandla fortløpande, sjølv om vi manglar oppmålingsingeniør. Det kan likevel oppstå noko lengre saksbehandlingstid enn normalt.

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har behov for rettleiing.

Rekvisisjon av oppmålingsforretning | Kartverket.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Microsoft Word - 5153-soknad-om-tillatelse-til-tiltak-uten-ansvarsrett-2020.docx. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert 2. februar 2026

Penn og papir

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?