Positive tal for Kviteseid kommune

Baby som leiker

Den årlege foreldreundersøkinga i barnehagane gir eit viktig bilete av korleis føresette opplever tilbodet, trivselen og kvaliteten i kvardagen til barna. I år er det særleg gledeleg å sjå dei -gode resultata i Kviteseid.

Resultata viser at barnehagane i kommunen samla skårar høgt på område som tryggleik, trivsel, kommunikasjon og samarbeid mellom heim og barnehage. Dette stadfestar den solide innsatsen som blir lagt ned kvar dag av dyktige tilsette som set barna sitt beste i sentrum.

Ei heilt spesiell gratulasjon går til Vrådal barnehage, som har oppnådd den imponerande skåren 5,0 av 5,0 moglege poeng. Dette er eit framifrå resultat som vitnar om eit varmt, inkluderande og profesjonelt miljø der både barn og føresette kjenner seg trygge og ivaretekne.

Ein slik toppskår kjem ikkje av seg sjølv. Han er eit resultat av målretta arbeid, tett samarbeid med føresette og ein kultur prega av engasjement, omsorg og fagleg styrke.

Me gratulerer alle barnehagane i Kviteseid med flotte resultat – og sender ei ekstra stor helsing til Vrådal barnehage for ein heilt strålande prestasjonar.

Vi vil også takke alle foreldra som har svart, dette er ein stor hjelp til å forbedre praksis og halde fram med det arbeidet de er fornøgd med.

Totalt har 49,5 prosent av alle føresette i Kviteseid svara på undersøkinga.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?