Engasjert gjeng i Kviteseid ungdomsråd

Fra venstre: Luzzi-Sofie L Hauge, Eivor Metveit, Marte Straand (leiar), Mikaylay N Hefley (nestleiar) og Vetle Aamot.
Det relativt ferske ungdomsrådet i Kviteseid samla seg i går til eit inøte med fleir saker på agendaen. Møtet bar preg av engasjement, nysgjerrigheit og eit ønskje om å bidra til utviklinga i kommunen.
Presentasjon frå Velferd og kommunedirektør
Eit av hovudpunkta på sakslista var ein presentasjon frå kommunalområdet Velferd ved kommunalsjef Thormod Moi Felle. Han gav ungdomsrådet ei grundig innføring i arbeidet som blir gjort innan helse, omsorg og oppvekst i Kviteseid kommune.
Kommunedirektør Laila Thorsen tok òg turen innom møtet for å helse på det nye ungdomsrådet. Ho presenterte seg sjølv og rolla si, og uttrykte glede over å ha fått på plass eit nytt og engasjert ungdomsråd.
Ho understreka kor viktig det er at ungdom får ein reell medverknad i saker som gjeld dei, og oppmoda rådet til å vere tydelege stemmer i kommunen. Besøket vart sett stor pris på og bidrog til å styrke bandet mellom ungdomsrådet og kommuneleiinga.
Ny koordinator og selretær på plass
Under møtet vart også den nye koordinatoren for ungdomsrådet presentert: Siw Haugland Børresen. Ho skal vere ein støtteperson for rådet og bidra til god struktur og framdrift i arbeidet framover.
Rådet har også eion eiga sekretær som skal dele på oppgåvene saman med koordinator. Sekretær for ungdomsrådet er spesialrådgivar Olav O Kaasa.
Klare for vidare arbeid
Møtet synte at det nye ungdomsrådet er motiverte og klare for å ta fatt på oppgåvene sine. Med viktige saker på dagsorden og tett kontakt med administrasjonen i kommunen, ligg det godt til rette for at ungdommane kan vere med og påverke utviklinga i Kviteseid i positiv retning.
Sist oppdatert