Eigedomsskatt 2026
.jpg)
Foto: Norges bank
Utskriving av eigedomsskatt for 2026 – Kviteseid kommune
I kommunestyresak 85/2025 av 04.12.2025
Budsjett 2026 og Økonomiplan 2027-2029 – pkt. 7 – Eigedomsskatt
For eigedomsskatteåret 2026 skal det skrivast eigedomsskatt på kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum, jf. Eigedomsskattelova § 3 fyrste ledd bokstav c.
Den alminnelege eigedomsskattesatsen for skatteåret 2026 er 7 promille.
jf. Eigedomsskattelova § 11 fyrste ledd.
Eigedomsskatten vert skriven ut i tre terminar, jf. eigedomsskattelova § 25 fyrste ledd. Fyrste termin med forfall 20.04., andre termin med forfall 20.07. og tredje termin med forfall 20.11.
Lista over utskriven eigedomsskatt er lagt ut på sentraladministrasjonen, kommunehuset i Kviteseid, i tre veker frå 1. mars.
Klaga må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker rekna frå og med 1. mars 2023.
Adressa til eigedomsskattekontoret er:
Kviteseid kommune, Økonomiavdelinga, Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid.
Sist oppdatert