Her får du høve til å dele erfaringar, utfordringar, perspektiv og forslag til løysingar som kan styrke næringslivet i kommunen!
Vi ynskjer å finne ut korleis kommunen – både administrasjon, innbyggjarar og næringsliv – kan bli endå betre til å støtte etablering og utvikling av bedrifter. Kvar er forbetringspotensialet? Og korleis kan vi saman skape betre løysingar?
For å få eit godt grunnlag startar vi no med ein forstudie, der målet er å samle mest mogleg informasjon. Kviteseid kommune har engasjert Anders Wengen, ein ekstern og objektiv konsulent utan bindingar til kommunen. Gjennom intervju og workshop skal han danne seg eit bilete av kor kommunen står i dag – og kva som bør gjerast vidare.
Her får du høve til å dele erfaringar, utfordringar, perspektiv og forslag til løysingar som kan styrke næringslivet i kommunen!