Sov godt kurs

Foto: RPH Vest-Telemark
Ein mogleg veg ut av søvnproblem
Søvnvanskar er blant dei vanlegaste helseplagene i befolkninga. Det er eit utbreidd og undervurdert folkehelseproblem. Difor ønskjer me å tilby innbyggjarar i Vest-Telemark eit kurs om søvnvanskar (insomni). Kurset vert halde i samarbeid med Vinje frisklivssentral.
Insomni er ei søvnliding kjenneteikna av vedvarande vanskar med å sovne, halde på søvnen eller for tidleg oppvakning, trass i gode moglegheiter for søvn.
RPH Vest-Telemark har, i samarbeid med Vinje frisklivssentral, bestemt seg for å tilby innbyggjarane i Vest-Telemark eit søvnkurs etter påske.
«Sov godt»-kurset er eit lågterskeltilbod i den norske primærhelsetenesta for vaksne med søvnløyse. Det er eit gratis gruppetilbod utvikla av Helsedirektoratet.
I forskingsprosjektet «Medisinfri søvnbehandling i primærhelsetenesta» vart effekten av kurset evaluert. Studien viste at vaksne med søvnløyse som deltok på kurset, fekk betre søvn, mindre utmatting og færre symptom på psykiske plager samanlikna med deltakarar som stod på venteliste.
«Sov godt»-kurset vart revidert våren 2025. For meir informasjon, sjå Helsedirektoratet.
Sov godt – materiell om søvn for frisklivssentralene Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. - Helsedirektoratet
Sist oppdatert