Innspelsrunde til ny kommuneplan

Kviteseid kommune skal revidere gjeldande kommuneplan, samfunnsdelen og ynskjer innspel i prosessen.
Kommunen har vedatt planprogram for ny kommuneplan. Planprogrammet kan du lese her. pdf, 327 kB.
Formannskapets vedtak ein laste ned her. pdf, 73 kB.
Eksisterande kommuneplan samfunnsdel kan du lese her. pdf, 3 MB.
Ein viktig del av utarbeiding av samfunnsplanen er å få innpel frå innbyggjarar, hyttefolk og næringslivet i kommunen. Ynskjer du å sende inn skriftlege innspel, send dei til post@kviteseid.kommune.no.
Me ynskjer å informere og inviterer til info-/dialogmøte om kommuneplanen.
Kommunens beredskapsarbeid og totalforsvarsåret vil og vera tema på møta.
Frå kommunen vil ordførar, kommunedirektør og kommunalsjef samfunnsutvikling og teknisk drift møte.
Møtedatoar:
Vrådal grendehus 18.03.26 kl. 18.00
Dølehalli Morgedal 19.03.26 kl. 18.00
Fjågesund grendehus 23.03.26 kl 18.00
Kviteseid kommunehus 24.03.26 kl 18.00
På møte i Vrådal 18.03.26 vil ein og presentere planutkast for Gravir bustadfelt.
Alle vel møtt
Sist oppdatert