I pappas fotspor

Nina Haugestøl 

«Nina Haugestøl (24) er i driftsoperatøropplæring hjå samfunnsutvikling og tekniske tenester. Ikkje kven om helst ville ynskja seg til jobb i reinseanlegg der kontorlukta bokstaveleg talt er skittlukt».

Far til Nina, Ole Johnny Haugestøl jobba ved reinseanlegget fram til januar i 2024. Han døydde brått og uventa.

«Eg var alltid nysgjerrig på kva pappa heldt på med på jobb og hadde lyst til å vere med han. Det rakk vi ikkje før han plutseleg døyde, onsdag 24. januar i 2024. Etter den dagen fekk eg lov å koma på besøk hjå gutta på teknisk. Det var ein fin måte å bearbeide sorga på og dei var så imøtekommande og hyggelege. Det var då eg fekk interessa for kva jobb på eit reinseanlegg inneheldt», fortel Nina Haugestøl.

Korleis kom det til at du starta jobba her?

«Eg spurte om å få lov til å vere med litt. Så sjekka eg ut korleis eg kunne utdanne meg innan faget. Eg fekk hjelp av Tarjei Gjelstad til det. Eg jobbar 3 dagar i veka og i november skal eg på skulebenken og kurse meg hjå Norsk Vann. Det er eit grunnkurs for å bli driftsoperatør. Det finnst ikkje eige fagbrev på dette, eg vil få eit bevis. Å bli flink i dette faget krev erfaring over tid», forklarar Nina

Korleis er dagane dykkar?

«Det er mykje variert arbeid og fleire anlegg vi skal fylgje med på. Det dukkar opp nye utfordringar kvar dag. Eg har fått vore med på prosjekt. Opsund, der vi har bygd 2 nye kummar og lagt ny vassleidning. Dette har eg fått vore med på og det er nyttig å vite kva som er under bakken», fortel Nina.

Du er jente i ein flokk med berre menn, korleis er det?

«Arbeidsmiljøet ved tekniske tenester opplever eg som veldig bra. Eg blir ikkje sett ned på sjølv om eg er dame og lita av vekst. Dei oppfører seg fint mot meg og eg føler eg er ein av dei», svarar Nina smilande

Er det noko som har overraska deg i jobben?

«Fyrste gong eg var med til anlegget i Morgedal reagerte eg på at det var så rotete der. Eg spurte om eg kunne få rydde litt, det fekk eg. Her var mykje gamalt, mellom anna gamle permar med skriv. Inne i den eine permen fann eg ei teikning eg teikna til far min då eg var lita. Notat som lå der var skrifta til pappa. Dette var ei sterk oppleving og kom sjølvsagt overraskande på meg. Eg blei rørt av å finne teikninga der», seier Nina, tydeleg rørt.

Kva trur du faren din ville sagt om at du jobba her no?

«Eg trur han hadde vore litt skeptisk, men samtidig trur eg han hadde syntes det var litt stas. Stas at eg gjekk i hans fotspor», avsluttar Nina Haugestøl smilande.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?