Me tilbyr no digitalt følgjekort (ledsagerbevis).

Det betyr at du kan få følgjekort på telefonen din, anten ved å laste ned appen eller ved å logge inn på nett.

Andre som har behov for å ha tilgang til ditt følgjekort, som til dømes føresette eller verje kan og få tilgang sine telefonar.

Digitalt følgjekort er utvikla av KS digitale fellestjenester på oppdrag fra Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

Meir informasjon om digitalt følgjekort finn du her: Ledsagerbevis Lenke til et annet nettsted.

Følgjekort er eit verkemiddel for å auke deltaking og likestilling i samfunnet ved at personar med funksjonsnedsetting som har behov for det, får ha med seg følgje på arrangement eller på kollektivtransport. Følgjekortet gjeld ved dei stadene som har innført følgjeordninga. Arrangørar som godtar følgjekort, vil ofte informere om dette på nettsidene sine og ved inngangen til arrangement. Meir informasjon om kven som kan få følgjekort finn du her: Ledsagerbevis - Veiledende nasjonale retningslinjer | Bufdir Lenke til et annet nettsted.

Dersom du allereie har følgjekort og ynskjer den digitale løysinga kan du ta kontakt med tenestekontoret på kvardagar mellom kl. 12 og 14.

Dersom du ynskjer å søke om følgjekort må du levere søknad til tenestekontoret, søknadsskjema fin du her: SØKNADSSKJEMA OM HELSE- OG OMSORGSTENESTER Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?