Er det lag og foreiningar som treng kopimaskin?

Kommunane Vinje, Tokke, Kviteseid, Fyresdal og Seljord har fått ny leverandør av kopimaskiner, då den gamle avtala er gått ut.

I den gamle avtala skulle maskinene leverast attende til leverandør som er eigar av maskinene.
Leverandøren har spurt kommunen om det er aktuelt med ei ordning der kommunen kan gje maskinene vidare til lag og foreiningar.

Då kommunen uansett måtte dekkje transportkostnadene ved retur av maskinene ved avslutting av avtalen, vart dette vurdert som ei betre løysing. Ordninga kjem også frivillige lag og foreiningar til gode, då slike investeringar ofte ikkje vert prioriterte med eigne midlar. I tillegg er dette ei positiv løysing for miljøet, ved at maskinene får utnytta restkapasiteten sin i staden for å verte kasta. Stor takk til tidlegare leverandør.

Vest-Telemark Driftssenter sørger for at maskinene vert sletta og satt tilbake til fabrikkinnstilling, før de overtar maskina.

Maskinene finst i to kategoriar:

  • A4-maskiner: Desse har utskrift, tosidig kopiering og skannefunksjon. Dei støttar både svart/kvitt og farge.
  • A3-maskiner: Desse har dei same funksjonane som A4-maskinene, men støttar i tillegg A3-format og stifting. Nokre modellar kan òg brette ark til mindre hefte.
  • Døme på maskiner er: Xerox 405dn og Xerox C8045/C8055

Merk at maskinene vert overtekne utan brukarstøtte og
med «som dei er»-garanti.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?