Fv. 3324 Fjågesund

Stenger Fjågesundvegen

Måndag 22. juni blir fylkesveg 3324 Fjågesundvegen stengt for å montere det nye rasoverbygget.

Det gamle rasoverbygget er fjerna.

Det gamle rasoverbygget er fjerna, søyler og dragarar er gjorde klart for at dei 35 betongelementa som skal danne det nye bygget, blir løfta på plass med ei stor mobilkran.

Vegen blir stengd klokka 0700 og vil bli halde stengt til og med 30. juni.
I denne perioden vil ingen køyretøy kunne passere forbi, heller ikkje utrykkingskøyretøy.

- Syklistar og eventuelt fotgjengarar skal vi prøve å leie forbi. Det kan skje ved at dei tek kontakt med personellet som er på plassen, informerer byggjeleiar Bjørn Egil Strandskogen i Telemark fylkeskommune.

Vegen blir stengd heile døgnet i heile perioden. Etter at det gamle rasoverbygget vart rive, er det no bygd opp fundament , dragarar og søyler til overbygget. Dette blir bygd med element i betong. Til saman er det det 35 element som skal setjast saman til det nye og tryggare overbygget. Dei tyngste elementa vegar opp imot 30 tonn.

- Alle elementa blir frakta på vogntog og vil bli løfta på plass med ei stor mobilkran, seier byggjeleiaren.

Mobilkrana er så stor at ho krev heile vegbreidda. Elementa blir fikserte med betong etter at dei er monterte på plassen. Det nye overbygget vil bli 30 meter lengre enn det gamle. Det vil ikkje vere rom for å sleppe nokon igjennom uansett i løpet av perioden vegen er stengd.

Arbeidet i rassikringsprosjektet følgjer planen og vil vere ferdig før året er omme. Samtidig med dette er det fullt arbeid i Omnestunnelen. Her vil det i ein periode vere redusert høgd til 3,9 meter på grunn av forskaling til ny portal.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?