Åtte råd om betre eigenberedskap

No får verksemda di viktige råd om eigenberedskap frå politiet og gode samarbeidspartnarar.

I høve Totalforsvarsåret 2026 er det laga ein kort film med gode råd til korleis verksemder kan styrke eigenberedskapen. Politiet, Midt-Telemark og Nome Utvikling, Telemark Næringshage og Vest-Telemarkrådet samarbeider om råda som er meint som eit praktisk utgangspunkt for alle verksemder.

Brev frå justisministeren

I vår skreiv justisminister Astri Aas-Hansen brev til Næringslivets sikkerhetsråd med desse råda:

1. Ver oppdatera på trusselbildet

2. Kartlegg verksemdas verdiar, risiko og sårbarheiter

3. Legg kontinuitetsplanar

4. Bruk Totalforsvarsåret til å øve

Statsråden meiner at det viktigaste næringslivet kan bidra med i kriser og krig, er å levere så nært ein normalsituasjon som råd.

Åtte råd

I den korte presentasjonen får du åtte råd til korleis verksemda di kan styrke eigenberedskapen. Hugs at små grep i dag kan utgjere ein stor forskjell i morgon eller den dagen krisa kjem!

Sjå gjerne filmen saman på jobben og bruk han som eit utgangspunkt for- og påminning om oppdatera beredskapsplanar!

Enkel beredskapsplan

Klikk på lenka på sia for å laste ned framlegg til ein enkel beredskapsplan du kan gjere til din eigen.

I tillegg kan du laste ned presentasjonen som PDF eller PowerPoint.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?