Foto: Statens vegvesen

Foto: Statens vegvesen

Høyring og offentleg ettersyn: Detaljregulering for Rv. 41 Steane - Vrådal, PlanID 38212022002, Kviteseid kommune

Statens vegvesen legg i samsvar med plan- og bygningslova §12-10 og §3-7 forslag til detaljreguleringsplan for Rv. 41 Steane - Vrådal i Kviteseid kommune ut på høyring og offentleg ettersyn.

Planforslaget omfattar ein strekning på ca. 6,0 km frå Steane - Vrådal. Målet med prosjektet er å gjere vegen meir trafikksikker og i tråd med gjeldande krav. Planen legg opp til vegbreidde 7,5 m i tråd med Hø1-standard, og geometri i tråd med krav til Hø1-veg gjennomgåande utbetring samt gang- og sykkelveg på strekninga frå Vrådal hyttegrend – Straand hotel. Dette vil gi auka trafikksikkerheit, betre framkomst, enklare drift og noko lågare klimautslepp. Planforslaget legg i stor grad opp til utbetring av eksisterande veg.

Eventuelle merknader til planforslaget må sendast skriftleg til Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer eller til firmapost@vegvesen.no innan 30.10.2026 og merkast med sak. nr. 22/18905.

Det blir opent informasjonsmøte om planarbeidet i Vrådal grendehus, Straumsnesvegen 29, måndag 12. oktober kl. 1800.

Har du spørsmål til planarbeidet kan du kontakte Statens vegvesen ved planleggingsleiar Turid Hagelia Korshavn på mobil 930 96 282 eller på e-post: turid.hagelia.korshavn@vegvesen.no

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?