Ny samfunnsplan ligg no ute på høyring

Formannskapet vedtok i formannskapsmøte 17.09.2026 å legge ut Kviteseid kommune sitt utkast til samfunnsplan på høyring

Kommunestyret vedtok 12.02.2026 «Planprogram for Kviteseid kommune sin samfunnsdel 2026 2037».

Planprogrammet har vore styrande for arbeidet med revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel. Gjeldande samfunnsdel vart vedteken i 2018. Sidan den gong har det skjedd endringar i både samfunnsutvikling, utfordringsbilete og rammevilkår som gjer det naudsynt å rullere planen.

I tråd med vedteke planprogram har kommunen gjennomført medverknadsprosessar og arbeidd fram eit forslag til ny samfunnsdel for perioden 2026–2038.

Utkast til ny samfunnsplan kan de lese her pdf, 344 kB.

Innspel sendast til post@kviteseid.kommune.no

Planen skal ligge ute på høyring i 6 veker. Siste frist for innspel er 02.11.2026.

 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?