
Foto: Bjørn Olav Hauklidsæter
Høyringsutkast til ny forskrift om bruk av termiske og
restljosforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort
Det er etter innføring av ny viltressurslov eit presisert forbod mot bruk av termiske og restljosforsterkande siktemiddel, men det er opna for at det er opp til kvar enkelt kommune å ta stilling til behovet for å innføre si eiga lokal forskrift for å ta i bruk dette på jakt på hjort.
Fakta i saka
Det er etter innføring av ny viltressurslov eit presisert forbod mot bruk av termiske og restljosforsterkande siktemiddel, men det er opna for at det er opp til kvar enkelt kommune å ta stilling til behovet for å innføre si eiga lokal forskrift for å ta i bruk dette på jakt på hjort.
Føremålet med å innføre ei slik forskrift er for å avverje alvorleg skade på natur eller samfunnsinteresser der dette skuldast ei for høg hjortebestand. Vilkåret er ikkje at ein kan vise til ei stor hjortebestand i seg sjølv, men det skal forkome alvorlege skader på natur eller samfunnsinteresser. Ein kan heller ikkje opne for bruk av slike siktemiddel med mindre eit ynskje om auka fellingstal harmonerer med kommunen sine målsetjingar for hjortebestanda.
Hjortejakta startar 1. september og varer fram til 23. desember, og i jaktåret 2025/2026 (hausten 2025) var det felt 108 hjortar i Kviteseid. I kor stor grad det vart nytta termiske eller restljosforsterkande siktemiddel til felling av desse veit ein ikkje, då det ikkje har vore rapporteringsplikt på kva for siktemidlar ein nyttar.
Ved eit eventuelt vedtak om å opne for dette, skal det vurderast kvart femte år om det er naudsynt å halde fram med ordninga.
Dette er eit høyringsutkast til ny forskrift, men mykje av saksutgreiinga vert teke med for å greie ut kva som er stoda i dag, og om vilkåra for å innføre ei lokal forskrift er oppfylte.
Arbeidet vart starta med utgangspunkt i rettleiaren frå Landbruksdirektoratet av 30.07.2026.
Vedlagt dette brevet ligg forslag til eventuell ny forskrift og kven som er mottakar av høyringsutkastet.
Høyring
Som eit fyrste steg i ein slik prosess vert omfanget av saka utgreidd og sendt på høyring til relevante partar og organisasjonar før ein eventuelt går vidare med arbeidet med ei lokal forskrift for kommunen. Reglar for høyringar er heimla i forvaltningslova kapittel 7, § 37:
§ 37.(utredningsplikt, forhåndsvarsling og uttalelser fra interesserte).
Forvaltningsorganet skal påse at saken er så godt opplyst som mulig før vedtak treffes.
Offentlige og private institusjoner og organisasjoner for de erverv, fag eller interessegrupper som forskriftene skal gjelde eller gjelder for eller hvis interesser særlig berøres, skal gis anledning til å uttale sig før forskriften blir utferdiget, endret eller opphevet. Så langt det trenges for å få saken allsidig opplyst, skal uttalelse også søkes innhentet fra andre.
Forvaltningsorganet bestemmer på hvilken måte forhåndsvarslingen skal foregå og kan sette frist for å gi uttalelse.
Forhåndsvarsling kan unnlates forsåvidt den:
a. | ikke vil være praktisk gjennomførlig, eller |
b. | kan vanskeliggjøre gjennomføring av forskriften eller svekke dens effektivitet, eller |
c. | må anses åpenbart unødvendig. |
Uttalelser skal gis skriftlig. Forvaltningsorganet kan i den enkelte sak samtykke i at uttalelse gis muntlig. Når saken egner sig for det, kan forvaltningsorganet bestemme at forhandlinger om saken skal foregå i møte.
Bakgrunn og lovgrunnlag
Viltloven frå 1981 vart erstatta av ny viltressurslov, gjeldande frå 1. juli 2026. Det har alltid vore ei svært restriktiv haldning til bruk av kunstig ljos i samband med ordinær jakt. Unntaka har vore åtejakt på raudrev med fastmontert ljos, ettersøk av hjortevilt og villsvin, avliving av vilt fanga i felle og jakt på villsvin på åteplass eller i ope terreng.
Tradisjonelt har kunstig ljos vore eit alternativ til naturleg dagsljos, typisk ei lommelykt eller ljoskastar. Tekniske nyvinningar som ikkje gjev frå seg eit synleg ljos, men som like fullt gjer at ein kan jakte i mørket, eksisterte ikkje då viltlova frå 1981 vart vedteke. Dette kan vere utstyr som baserer seg på termisk eller restljosforsterkande teknologi. Fram til ny viltressurslov kom sommaren 2026 har termiske siktemidlar vore i ei juridisk gråsone.
Som fylgje av dette vart forbodet mot bruken av termiske og restljosforsterkande siktemiddel jamf. § 26 i viltressursloven Lenke til et annet nettsted. presisert i den nye viltressurslova:
§ 26. Bruk av synlig lys og særskilte siktemidler
Bruk av lyskilder som gir synlig lys under jakt og fangst, er forbudt, med mindre annet følger av eller i medhold av lov. Det samme gjelder bruk av restlysforsterkende og termiske siktemidler og andre siktemidler med teknologi som har til formål å lyse opp eller forbedre synligheten av omgivelsene eller viltet for jegeren.
Kongen gir forskrift om unntak fra forbudet etter første ledd for blant annet ettersøk av påskutt vilt, jakt på nærmere bestemte arter og når det anses nødvendig for å regulere viltbestanden i nærmere bestemte områder.
Det som det ikkje har vore eit forbod mot har vore lov, og det er mellom anna omsynet til at nye og moderne siktemiddel som desse har vorte meir allment tilgjengeleg at behovet for ei presisering av lovverket var naudsynt. Termiske og restljosforsterkande siktemiddel har til no vore lovlege, og teknologien har vorte billigare og meir tilgjengeleg for fleire i løpet av få år. Mange jegerar har investert i slikt utstyr, sjølv om det lenge har vore uklart om det ville verte lov å bruke det på jakt.
Viltressurslova forbyr bruk av termiske siktemiddel til jakt på anna enn raudrev og villsvin. Unntak frå dette forbodet er ei kommunal forskrift som opnar for det for bruk på hjort, og berre når føremålet er å avverje skade på natur og samfunnsinteresser som fylgje av høg bestandstettleik.
I forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst Lenke til et annet nettsted. er det opna for bruk kunstig ljos m.m.:
§ 29a.Tillatt bruk av synlig lys og restlysforsterkende og termiske siktemidler
Fastmontert synlig lys kan benyttes for å belyse åte i forbindelse med lisensfelling av jerv. Slik bruk skal rapporteres til statsforvalteren.
Synlig lys kan benyttes ved avliving av vilt som er fanget levende i felle.
Synlig lys og restlysforsterkende og termiske siktemidler kan benyttes ved jakt på villsvin og rødrev når jakten foregår i åpent terreng eller ved åteplass.
For å avverge alvorlig skade på natur- eller samfunnsinteresser som følge av høy bestandstetthet, kan kommunen i forskrift åpne for bruk av restlysforsterkende og termiske siktemidler ved jakt på hjort. Bruken av restlysforsterkende og termiske siktemidler skal avgrenses til jakt i åpent terreng. Kommunen skal vurdere behovet for videreføring av en slik forskriftsregel hvert femte år. Kopi av vurderingen skal sendes Landbruksdirektoratet. Jegeren skal rapportere bruk av restlysforsterkende og termiske siktemidler ved felling av hjort i Hjorteviltregisteret.
Synlig lys kan benyttes ved den umiddelbare undersøkelsen av og rundt skuddstedet. Dette gjelder ikke ved kvotejakt og skadefelling av gaupe eller ved felling av jerv, bjørn og ulv med mindre noe annet følger av forskrift eller enkeltvedtak.
Synlig lys og restlysforsterkende og termiske siktemidler kan benyttes ved ettersøk av påskutt hjortevilt, villsvin og rødrev. Jegeren har bevisbyrden for at påskytingen er lovlig, og skal varsle grunneieren, politiet og kommunen om bruken av synlig lys og restlysforsterkende og termiske siktemidler før ettersøket tar til. Dersom varsling i vesentlig grad vil forsinke ettersøket, kan begrunnet melding om slik bruk sendes samme instanser umiddelbart etter avsluttet søk.
Raudrev kan ta stort for seg av småviltbestandane, villsvin kan gjere skade på jordbruksareal, og hjort kan gjere skade på innmark og granskog. Hjort er ein art som kan trekke store avstandar mellom sommar- og vinterbeiteområde, og har årsleveområde som kan gå langt ut over ein kommune sine grenser. I dette ligg det at bestandstettleiken i somme område kan vere lågare under jakta enn elles i året og omvendt. Slik kan dei som har store plager med beiteskader av hjort ikkje få regulert bestanda nok innanfor ordinær jakttid.
Argumentet som er mest brukt for å tillate slike siktemidlar er å gjere jakta meir effektiv. Målet for å innføre restljosforsterkande og termiske siktemidlar på hjort er å få felt fleire dyr enn ein ville gjort ved å berre bruke tradisjonelle optiske siktemidlar. Fokuset vert å redusere bestanda enkelt og effektivt snarare enn sjølve jaktopplevinga, og diskusjonen vert polarisert mellom skader på landbruksressursane, og å fremje eit aktivt jakt- og friluftsliv. Eit dilemma som kjem opp er kva for fordelar ein ser som naudsynt for jaktutøvinga i form av GPSar, peileutstyr, avstandsmålar, og no termiske siktemiddel.
Hjorteforvalting bør vurderast i eit regionalt perspektiv som tek omsyn til årsleveområde for arten, og om mogleg samkøyre sin praksis for bruk av termiske siktemidlar. Slik lovverket no er utforma er det kvar enkelt kommune som må ta stilling til dispensasjon frå forbodet i sin kommune. Av omsyn til forvaltinga hadde det ideelle vore om dette heller vart bestemt på regionalt eller nasjonalt nivå. Det lokale skjønnet skal spegle behovet for å innføre ei slik forskrift for å avverje «alvorleg skade på natur- eller samfunnsinteresser». Eit slik behov vil naturleg nok vere ulikt om ein er i ein tradisjonell hjortekommune på Vestlandet eller i Vest-Telemark.
Hjort i Kviteseid
Det fins ikkje statistikk for hjortebestanda i Kviteseid før 2007, men ein har grunnlag for nesten 20 år bak i tid i Hjorteviltregisteret. Kviteseid har ei relativt stor hjortebestand, noko som stadvis kan føre med seg utfordringar. Dette gjeld særleg beiteskadar på innmark og skog.
Fram til 2018 vart det felt om lag 40 hjortar per år i Kviteseid. Hjorten var tradisjonelt klumpvis fordelt i kommunen, gjerne knytt til område kring Bandak. I åra etter vart hjorten meir stasjonær i store delar av kommunen året rundt, og det vart etter kvart skote hjort i alle dei ni valda i Kviteseid. Hjorten auka ikkje berre i antal, men og i utbreiing. Antal jegerdagar har stige jamnt og trutt frå 474 i 2007 til 1840 i 2025. Parallelt med dette har naturleg nok antal felte hjortar stige, som ein ser i figuren under.

Figur 1 Felte hjortar og antal jegerdagar i Kviteseid. Fyrste år i ny bestandsplanperiode er merka med gult, og harmonerer med ei auke i fellingstala, merka med blått.
Antalet felte hjortar gjer eit byks synkront med det fyrste året i dei siste bestandsplanperiodane me har hatt, alle treårige planar. Fyrste år i dei siste planperiodane har vore 2016, 2019, 2022 og 2025, alle år der felte hjortar har gått kraftig opp frå året før. Denne auken kan vere vilkårleg, men heng antakeleg vis saman med at det i kvar nye planperiode er teke høgde for ei auka hjortebestand, og ei tilsvarande auke i kvotene for å imøtekoma dette. Sidan ein kan sjonglere noko med tildelte kvoter innanfor ein planperiode, t.d. rette opp feil avskyting frå eit år til det neste, vil det kunne vere utfordrande å fylle kvota mot slutten av ein planperiode, og fellingstala går ned. Har ein t.d. skote dei fleste av bukkane på kvota, vil det for mange vere mindre attraktivt å jakte på kalvar og hodyr. Med ei for stor kvote vil måla om retta avskyting kunne vere vanskelege å nå. Då må ein eventuelt setje eit rekkjefølgjekrav eller justere kvotene ned.
I dei kommunale målsetjingane er det eit ynskje å halde bestandsveksten kontrollert. Dette kan ein gjere forutsigbart ved å halde ein god kjønnsbalanse, og uttak av rett type dyr. Hind/bukkeforholdet bør vere frå 1 til 1,5 hinder per bukk. I 2025 var den 1,58, ein svak indikasjon på at ein bør skyte fleire hodyr enn hanndyr framover. For hjortejakta 2025 vart det felt om lag 50/50 av båe kjønn i alle aldersklasser. Av 108 felte hjortar var det 25 % kalvar, 18 % 1,5-åringar, 23 % vaksne bukkar og 24 % vaksne hinder
Avskytinga samanlikna med dei kommunale måla er veldig godt fordelt på dei ulike alders- og kjønnsklassane, trass i ein fellingsprosent på berre 51 % av tildelt kvote.

Figur 2 Felte hjortar i forhold til tildelt kvote, mørkegrønt og ljosegrønt. Dette gjev ein varierande fellingsprosent, vist i raudt.
2025 var fyrste året i ein ny treårsperiode, 2025 t.o.m. 2027. Her er kvotene sett til 211 hjortar per år, akkurat for å møte den potensielle auken i hjortebestanda. Så lenge det har vore tildelt kvoter på hjort i Kviteseid har fellingsprosenten aldri vore over 50 % før i 2025 (51 %). Sjølv om den relative auken har vore stor dei siste åra, er ein enno langt unna det ein kan kalle ei hjortebestand ute av kontroll. Ein har romslege kvoter som er langt unna å bli fylt, og kjønnsforholdet i bestanda er stabil, så ein ikkje får ein bestandsauke ein ikkje har kontroll på. Med fleirårige planar er kvotene sett tilstrekkeleg høge for å ta høgde for ein potensiell eksplosiv vekst i bestanda utan å måtte justere kvotene under vegs i ein planperiode. Ein er lagt unna å fylle kvotene for hjort, sjølv om variasjonane mellom valda er store.
Dei siste ti åra er det felt flest hjortar i valda Tveitgrend, Vråvatn – Bandak og Kilen – Østenå, men ikkje meir enn ein fellingsprosent på høvesvis 62, 58 og 39 av tildelt kvote.
Dei siste ti åra er tala stabile, sett hjort per jegerdag kring 0,3 og felt hjort per jegerdag kring 0,05. Sett hind per bukk har dei siste ti åra ligge mellom 1 og 1,5 (1,58 i 2025). Slaktevektene har dei siste ti åra vore stabile, og produksjonen har vore noko over 0,5 kalv per hind. Rekruteringsratene, som slaktevekt på kalvar og sett kalv per hind, indikerer ikkje teikn på at kondisjon eller produksjon er dalande som fylgje av ei for stor bestand.
Sjølv om antal jegerdagar og felte hjortar går opp, har hjortebestanda eit sunt preg i form av god kondisjon og god produksjon. Hjortebestanda ber ikkje preg av å vere overbefolka om ein ser isolert på bestandsstrukturen. Fellingsprosenten har vore låg over tid, trass i at bruken av termiske siktemiddel har vore utbreidd og uregulert. Ein låg fellingsprosent vanskeleggjer ei god målstyrt forvalting, så om ein skal opne for bruk av termiske siktemidlar må og den kommunale målsetjinga vurderast på nytt for å unngå ei skeiv avskyting mellom alder og kjønn.
Hjorteskader knytt til jordbruk, skogbruk og trafikk
Ville dyr lever i naturen og livnærer seg av det den kan gje, og blir bestanda for stor vil det gje mange munnar å mette, noko som i neste omgang kan gå ut over næringsinteresser i landbruket og potensielt ein auke i trafikkulukker.
Med ei aukande hjortebestand vil det fylgje med eit tilsvarande auka beitepress, både på jordbruksavlingar og skog. Dette vil ein kunne finne att for alle viltbestandar, t.d. elgbeiteskader på furuforyngelse. Kor store skadar ein skal måtte tole, og kva som er nivået på alvorlege skader på natur og samfunnsinteresser er omtalt i rettleiaren frå Landbruksdirektoratet.
I kommunen sitt arbeid med ei forskrift er det presisert at skader på rundballar ikkje kan leggjast vekt på som argument for å innføre bruk av termiske sikte. Slike skader må førebyggjast ved t.d. inngjerding eller tildekking.
Ut over det er det omfanget av tapet av grovfor som vert vurdert, og om det er av ein slik grad at det gjev urimelege økonomiske tap. Avlingstap er ofte lineær med hjortebestanda, men vil variere med faktorar som arrondering, avstand til skogkant, topografi, menneskeleg aktivitet o.s.b.
I skogbruket kan skader av hjort i hovudsak dreie seg om barkgnag i yngre og eldre produksjonsskog, typisk i hogstklasse 3 og 4, som gjev forringing av verdien av skogsvirke og eit økonomisk tap av tømmerinntekt. Hjorten kan og beite på topp- og sideskot i ungskogfelt, særleg på gran, og gje redusert tilvekst og deformerte tre, eller skader som gjer at treet døyr.
Omfanget av skogskader er ikkje lineær med bestandstettleiken, men særleg barkgnaging aukar ved bestandstettleik på over om lag 1,5 felte hjortar per km2. Det valdet med høgast bestandstettleik i felte dyr per km2 i 2025 er Tveitgrend med 0,36 felte hjortar per km2, deretter Vråvatn – Bandak og Dalan med høvesvis 0,333 og 0,325 felte hjortar per km2.
I fallviltregisteret kan ein sjå avgang av viltartane utanom ordinær jakt, og dei siste tjue åra har det vorte påkøyrd tolv hjortar, ni av dei dei siste ti åra (fire i 2022, deretter mellom 0 og 1 per år).
At hjortebestanda er så stor at det fører med seg eit problem med mange påkøyrslar er til stades i teorien, men av eit så snevert omfang at ein ikkje kan sjå at det har relevans i denne saka.
Innhald i høyringsforslaget
Ved å vedta ei lokal forskrift opnar ein opp for bruk av termiske og restljosforsterkande siktemiddel, men bruken gjeld berre på jakt på hjort i ope terreng. Definisjonen av ope terreng er subjektiv, men omfattar både innmark, hogstflater og glissen eller høgt oppkvista skog. Kort sagt er det inga avgrensing i praksis så lenge ein har fri sikt.
I rettleiaren frå Landbruksdirektoratet er ope terreng beskrive slik:
«Med «åpent terreng» menes her terreng som stort sett er fritt for hindringer som bygninger og trær. Eksempler på dette er åker, eng og beitemark. Det kan også være åpne arealer på skogsmark, som hogstflater, naturlige åpninger uten høyt feltsjikt- og buskvegetasjon og områder der skogen er høystammet og glissen.»
Innføring av ei forskrift er eit enten/eller, då bruken av slike sikte ikkje kan avgrensast til delar av kommunen, enkelte tider av jakta, visse tider av døgnet eller til spesifikke alders- eller kjønnsklassar. Ei forskrift gjeld jakt på all hjort, i heile kommunen, og frå jaktstart til jaktslutt, og med termiske siktemidlar kan ein og jakte heile døgnet.
Innhaldet i forslaget til forskrift vert fordelt på fem paragrafar:

Fordelar og ulemper ved bruk av termiske og restljosforsterkande siktemidlar
Moderne teknologi legg til rette for auka jaktaktivitet og i den mørke delen av døgnet. Den nye teknologien gjer at ein kan oppdage dyr som elles ville vore skjult av mørke eller vegetasjon, og slik mistar dyra tryggleiken og mogleiken til å unngå menneske i skjul av mørket. I staden for jakt i skogen i dagsljos vil ein med nattoptikk kunne skyte hjort på jordet på natta når dei kjem fram for å beite. Dette er kanskje eit jaktetisk prinsipp som strir mot det ein i dag oppfattar som det tradisjonelle, og at viltet skal ha fred og ro i delar av døgnet.
I dei aller fleste viltbestandar er det eit mål å ha ein høg snittalder på dei vaksne produksjonsdyra. Store bukkar får hinder tidleg i brunst, og gamle dyr har stor kunnskap om trekkruter og mattilgang. I mange tilfelle har gamle dyr vorte gamle fordi dei har greidd å unngå menneske, men nattoptikk fjernar fordelen med å vere sky og lur. Med ein meir intensiv bruk av nattoptikk vil ein risikere ei overhausting av store kronhjortar, trass i ei restriktiv haldning i tildeling av vaksne hanndyr gjennom fellingskvoter.
Tradisjonelt har t.d. hjort kunne beita i fred på innmarka i mørket, men med auka jakt på jorda om natta vil frykta for å bli skoten gjere at dei heller held seg i skogen. Dette gjev mindre skader for bøndene med grasareal, men eit tilsvarande dårlegare beitegrunnlag for hjorten, som vil kunne påverke kondisjonen og produksjonen i bestanda.
Ein vil og koma dit at dei jegerane som sjølv eig termisk utstyr vil kunne jakte når som helst på døgnet, ein fordel som fleirtalet av jegerar ikkje vil kunne delta i. Eit aukande antal jegerar kjøper seg termiske siktemidlar, og har allereie investert stort i slikt utstyr. Naturleg nok vil desse presse på for å få lov til å bruke det på jakt. Det vil imidlertid verte eit skilje mellom dei jegerane som kan koste på seg å investere i slikt utstyr, og dei som ikkje kan.
Jakt i mørket stiller store krav til jegeren, både vurdering av art, kjønn og alder. I tillegg vil vurdering av ulike jaktsituasjonar kunne vere vanskeleg med omsyn til reint skotfelt, dyrets vinkel og avstandsbedømming. Ved eit eventuelt ettersøk vil det og kunne vere utfordrande å finne både dyret, og analysere skotplassen i forhold til fordelane ein har i dagsljos. I neste omgang kan det og vere vanskeleg å få tak i fleire jegerar og ettersøkshundar for å gjennomføre eit ettersøk på natta om det vert behov for det.
På den andre sida vil jakt i mørket ofte vere å skyte på dyr som står mykje i ro og beiter, og i stor kontrast til å få dyr på post som er jaga og kjem i stor fart. Ein vil raskt få oversikt over alle dyr (eller folk) ein har i synsfeltet, og ein kan antakeleg vis observere dyr over lengre tid enn i dagsljos.
Konsekvensar av endringa
Ved innføring av forskrift for å tillate bruk av termiske og restljosforsterkande siktemidlar vil ein kunne jakte heile døgnet innanfor gjeldande jakttid for hjort. Fordelane jegeren får ved å bruke nattoptikk gjer at forvaltingsplanar må verte meir spissa for å unngå eit skeivt uttak av ulike alders- og kjønnsklasser. Ut frå slik stoda er i dag må enten kvotene ned, eller det må innførast ein form for rekkjefylgjekrav.
Dei positive fylgjene vil kunne vere at ein får eit større uttak av hjort i den ordinære jakta, og slik redusere bestanda ut frå omsynet til potensielle skader på skog og innmark. Ein vil kunne oppnå eit høgare antal felte hjortar enklare og meir effektivt om ein ser isolert på behovet for ein bestandsreduksjon.
Dei negative fylgjene er omsynet til jaktetikk, og at hjorten i teorien kan bli jakta på døgnet rundt i nesten tre månadar. Beitegrunnlaget vil verte redusert, då hjorten vil frykte å gå ut på jorda, noko som vil påverke kondisjon og produksjon. Det vert og betydeleg enklare å kunne skyte t.d. store trofebukkar i langt større grad enn ved tradisjonell jakt. Opning for bruk av slikt utstyr vil følgjeleg og berre gagne dei jegerane som har investert i slike kikkertsikte.
Innføring av forskrift som opnar for termiske siktemidlar skal vurderast etter fem år. Om skadane er redusert, vil det ikkje lenger vere grunnlag for å vidareføre forskrifta.
Frist for høyringsinnspel
Høyringsinnspel sendast skriftleg til post@kviteseid.kommune.no eller til Kviteseid kommune, Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid.
Høyringsinnspelet merkast med fullt namn på avsendar og referansenummer 2026/1422 for journalføring.
Fristen for høyringsinnspel vert sett til 16. oktober 2026.
Høyringsinstansar vert oppfordra til å kommentere bestemmelsar eller problemstillingar knytt til forslaget, og be om innspel frå sine jaktlag, fagorgan eller medlemsmasse.
Dersom høyringa fører til vesentlege endringar i forskrifta, vert den sendt på ny høyring til dei berørde instansane.
Sist oppdatert