Eigenberedskapsveka 2026

Straumbrot

Alle bør vere førebudde på at det kan koma lengre periodar der mobilnett og internett ikkje fungerer. Årsakane kan vera fleire, til dømes ekstremvêr, ulukker og uhell, sabotasje eller krigshandlingar.

Desse enkle grepa gjer det lettare å få viktig informasjon og halde kontakt med andre dersom det oppstår problem med mobilnett eller internett:

  • Finn ut korleis kommunen informerer
  • Ver ein beredskapsven
  • Skaff deg ein DAB-radio
  • Lad opp batteribank og utstyr
  • Vurder abonnement på ulike mobilnett
  • Finn ut korleis du kan kommunisere over wifi
  • Sjekk om kommunen har forsterka mobilnett

Les meir om eigenberedskap her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Fakta om Eigenberedskapsveka 2026

  • Egenberedskapsveka er ei årleg kampanjeveke som blir gjennomført i veke 44, med informasjon og aktivitetar om eigenberedskap.
  • Målet er å auke kunnskap og bevisstheit i befolkninga, slik at fleire gjer konkrete førebuingar for å kunne klare seg sjølve i éi veke.
  • Veka er initiert av DSB, men kommunar, sivilforsvarsdistrikt og frivillige organisasjonar over heile landet gjennomfører aktivitetar og informasjonstiltak.
  • I år er temaet korleis samfunnet kan bli betre førebudd på å handtere situasjonar der mobilnett og internett ikkje fungerer som normalt.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?