LEDIG STILLING 

Ved eining for heimetenester er fylgjande stilling ledig:

 Sjukepleiar, 100% fast stilling frå d.d. 

Stillinga er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3. helg. 

Som sjukepleiar i heimetenesta vil du møte ei variert brukargruppe med stort spenn i alder, sjukdomsbilete og funksjonsnivå. Tenesta har høg fagleg kompetanse, eit svært godt arbeidsmiljø og ei stabil bemanning gjennom mange år. 

Arbeidsoppgåver:

  • Utføre helse- og omsorgstenester til brukarar i tråd med gjeldane krav til kvalitet og lovverk
  • Administrative oppgåver knytt til det sjukepleiefaglege 
  • Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga
  • Rettleiing, undervisning og informasjon til kollegaer, studentar, brukarar og pårørande
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar: 

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Interesse for faget og utvikling av dette
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Må kunne beherske norsk godt munnleg og skriftleg 
  • Søkjar må ha førarkort kl. B

Personlege eigenskapar: 

  • Vera fleksibel, strukturert og løysningsorientert
  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kunne jobbe sjølvstendig 
  • Halde seg fagleg oppdatert

 

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. 

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve. 

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. 

Lenke til elektronisk søknadsskjema: https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=5554&externalId=3821

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju. Spørsmål kan rettast til einingsleiar Hanne Norgaard på tlf. 90 92 03 15 

Søknadsfrist: 01.10.23