LEDIG STILLING

Ved eining for heimetenester er fylgjande stilling ledig:

Sjukepleiar, 100% fast stilling frå d.d.

Stillinga er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3. helg.

Som sjukepleiar i heimetenesta vil du møte ei variert brukargruppe med stort spenn i alder, sjukdomsbilete og funksjonsnivå. Tenesta har høg fagleg kompetanse, eit svært godt arbeidsmiljø og ei stabil bemanning gjennom mange år.

Arbeidsoppgåver:

  • Utføre helse- og omsorgstenester til brukarar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
  • Administrative oppgåver knytt til det sjukepleiefaglege
  • Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga
  • Rettleiing, undervisning og informasjon til kollegaer, studentar, brukarar og pårørande
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar: 

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Interesse for faget og utvikling av dette
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Må kunne beherske norsk godt munnleg og skriftleg
  • Søkjar må ha førarkort kl. B

Personlege eigenskapar:

  • Vera fleksibel, strukturert og løysningsorientert
  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kunne jobbe sjølvstendig
  • Halde seg fagleg oppdatert

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Lenke til elektronisk søknadsskjema: https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=5554&externalId=3821

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju. Spørsmål kan rettast til

einingsleiar Hanne Norgaard på tlf. 90 92 03 15.

 

Søknadsfrist: 07.06.23