Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Skjenkjeløyve

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Skjenkjeløyve er eit løyve til å servere alkohol frå ein serveringsstad. Du kan få løyve for fire år om gongen.
     
    Du kan ikkje få skjenkjeløyve aleine, du må også få ei serveringsløyve.
     
    Innanfor ein løyveperiode kan det skje endringar i drifta eller administrasjonen av verksemda di. Slike endringar må meldast til kommunen, då det kan gjere at du treng eit nytt løyve.
     
    Ved eigarskifte må det søkjast nytt løyve så snart som mogeleg og seinast innan 30 dagar etter overføringa.

    Kriterium/vilkår

    Kven kan søkje?
    Du må vere ei verksemd som skal drive sal og servering av alkoholhaldig drikk.
     
    Kva slags alkohol gjeld løyvet?
    Du kan søkje om løyve til å skjenkje alle alkoholtypar, det vil seie, alkoholhaldige drikk gruppe 1, 2 og 3.
     
    Krav til deg som søkjar
    Både løyvehavar og andre som har vesentleg påverknad på verksemda må vise til uklanderleg vandel når det kjem til alkohollova, anna lovverk som har samanheng med alkohollova sitt formål, samt skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivinga.
     
    For kvart løyve skal det vere ein styrar og ein avløysar. Begge desse må vere over 20 år og ha bestått kunnskapsprøven.
     
    Berre personar som har eit dagleg ansvar for serveringa kan veljast som styrar. Ein styrar har som oppgåve å sjå til at serveringa av alkoholhaldig drikke skjer etter reglane. Styraren og avløysar skal vere kontrollfullmakta sine kontaktpersonar.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    Kunnskapsprøven - informasjon fra Helsedirektoratet

    Samarbeidspartnarar

    • Vaktselskap/kontrollørar
    • Lensmann/politi (skal uttale seg om vandelen til søkjaren og sentrale personar)
    • Mattilsynet (kontrollerer hygienen i lokala, spesielt kjøkken- og toalettforhold)
    • Skatte- og avgiftsmyndigheitene (skal kontrollere / uttale seg om at løyvehavaren held seg til skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivinga)
    aaa
  • Lover og forskrifter
    Sjå spesielt:
    Alkohollova §§ 1-3, 1-7, 1-7a, 1-7b og 1-7c.

    Lover

    Alkoholloven
    Forvaltningsloven
    Serveringsloven

    Forskrifter

    Alkoholforskriften

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Du må søkje på skjema frå kommunen. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.

    Skjema

    Alkohol - Enkelt anledning/ambulerende skjenkebevilling (elektronisk)
    Alkohol - Servering og/eller skjenkebevilling (elektronisk)

    Vedlegg

    • Planteikningar over areal og funksjonar i lokalet
    • Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve om alkohollova
    • Dokumentasjon på bestått etablerarprøve
    • Dokumentasjon på styraren/avløysaren si tilknyting til verksemda
    • Firmaattest frå Brønnøysundregistra
    • Eventuell skatteattest
  • Saksbehandling

    Klagemulighet

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Kultur og fritid
    Telefon:35 06 81 12
    Postadresse:Kviteseidgata 13 3850 KVITESEID
    Besøksadresse:3850 KVITESEID
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2018-12-03 09:12