Tøminga blir utført med avvatningsbil. Berre i særlege høve vil slamsugarbil bli nytta. Ved bruk av avvatningsbil vil slammet frå tanken bli skilt frå, og vatnet vil bli ført attende til tanken. Fordelen med dette systemet er at bakteriefloraen då blir attende i tanken og nedbrytningsprosessen kan halde fram.

Kviteseid kommune har sett den praktiske tøminga til firmaet Renovest IKS

Heilårsbustader:
Tankar på 4 m³ eller meir med spreiegrøft skal tømmast annakvart år. Kviteseid delar kommunen i to. Eigedomar med gnr. f.o.m. 1 t.o.m. 40 blir tømt i oddetalsår. Resten av kommunen f.o.m. gnr. 41 blir tømt i partalsår.

Tankar under 4m³ med spreiegrøft, og tette tankar skal tømmast minst ein gong kvart år.

Tømminga i Kviteseid startar i september månad kvart år. Det blir sendt melding til abonnentane med vekenummer når septikkbilen kjem.

Faktura for tømming blir sendt frå Kviteseid kommune det året tanken blir tømt, og blir ført på faktura for kommunale gebyr med forfall i april og oktober. Dersom tanken av ulike årsakar må tømmast utanom rute, blir det fakturert eit tilkøyringsgebyr frå Renovest.

Hytter:
med vassklosett og septiktank på 2m³ eller meir tømmast kvart fjerde år, og skal tømmast neste gong i 2022. Hytter med vassklosett og tank under 2m³ tømmast annakvart år (oddetal) eller oftare. Tette tankar tømmast minst ein gong kvart år.