Alle barn som fyller 1 år innan utgangen av november, har rett på plass. Jf. bhgl § 12a. Barn som fyller eitt år i september, oktober og november, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå den månaden barnet fyller eitt år.

Det er tre barnehagar i Kviteseid. Kviteseid barnehage og Straumsnes barnehage er sjølvstendige einingar med 59 plassar i Kviteseid barnehage og 14 i Straumsnes barnehage. Barnehagetilbodet i Brunkeberg er ein del av eit oppvekstsenter. Det vil seie ein kombinasjon av barnehage og skule. Brunkeberg har 42 plassar. Barn under 3 år tar opp 2 plassar.

Målgruppe

Barn 1 til 6 år som bur i kommunen.

Kriterium/vilkår

Desse blir prioriterte ved opptak:

  • Barn med nedsatt funksjonsevne
  • Barn som barnevernstenesta har omsorg for
  • Barn som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta

I tillegg har barnehagane eigne opptakskriterium i vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid. 

Pris 

Stortinget fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldre må betale for ein barnehageplass. Det skal betalast for 11 månader, dvs eit barnehageår. Du finn gjeldande prisar her. 

Her kan du lese om moderasjonsordningar for foreldrebetaling.