Nytt av året er at du søker om redusert betaling i Visma sin foreldreportal. Denne finn du her, og på barnehagesidene her på Kviteseid kommune sine heimesider.

  • Du nyttar BankID eller tilsvarande for å logge inn i foreldreportalen
  • Du må søke om redusert betaling kvart år. Det vil seie at om du har redusert betaling nå, må du søke på nytt om du ynskjer det vidare frå august. 
  • Dokumentasjon av inntekt må lastast opp digitalt i foreldreportalen. Søknaden vil ikkje bli handsama om dette manglar. 
  • Les meir om foreldrebetaling og redusert betaling/gratis kjernetid her

Dersom du treng hjelp til søknadsprosessen, ta kontakt med barnehagen din.