Spennande moglegheit som Byggesaksbehandler (100%) i Nissedal og Kviteseid
Er du vår nye, engasjerte byggjesaksbehandlar?
Arbeidsoppgåver
- Plan og byggjesaksbehandling, inkludert handtering av klagesaker, lovbrot, delesaker og saker etter forureiningslova.
- Rettleiing om regelverk og søknadsprosessar for byggjesaker
- Matrikkelføring
- Utføring av dokumenttilsyn og tilsyn både utvendig og innvendig i bygg på byggjeplassar.
- Saksførebuingar til politisk behandling, dispensasjonar, lovbrot og tilsyn
- Systematisk internkontroll for plan og byggjesak
Kvalifikasjonar
- Relevant universitet/høgskuleutdanning
- Relevant realkompetanse og erfaring som ikkje fullt ut oppfyller dei formelle krava til utdanning, kan kompensera for høgare utdanning
- Kjennskap til plan- og bygningslova
- God forståing og interesse for juridisk metode og tolking av regelverk
- God digital kompetanse
- Erfaring frå offentleg forvaltning, bygg/anlegg eller liknande er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt og har gode kommunikasjonsevner
- Strukturert og systematisk
- God arbeidskapasitet og fagleg oppdatert
- Sosialt interessert og godt humør
- Fleksibel, endringsvillig og
- Utviklingsorientert
- Trygg i tilsyn og styresmaktsrolla
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Fullført kurs i matrikkelføring er ein fordel
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i heilskapsvurderinga av søkjarane.
Me tilbyr
- Konkurransedyktig lønn etter gjeldande lov, forskrift og avtaleverk basert på utdanning og formell kompetanse.
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Utfordrande og interessante arbeidsoppgåver
- Gode pensjons og forsikringsordningar gjennom KLP
Dokumentasjon: me ber om at vitnemål og attestar blir lagde ved søknaden for best og raskast mogleg saksbehandling. Vitnemål og attestar dannar også grunnlag for fastsetjing av lønn.
Du finn annonsa her: Spennande moglegheit som byggesaksbehandlar (100%) i Nissedal og Kviteseid | FINN.no
Søknadsfrist: 15.12.2024
Spørsmål om stillinga kan rettast til: Plansjef Mona Helen Straume, tlf. 35 04 84 34
Om arbeidsgivaren
Nissedal – der gode liv levast
Nisser er ein av dei største innsjøane i Telemark og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura og høgreiste fjell. Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn.
Langs Nisser finn ein sjeldsynte hellemålingar, gravhaugar og mange andre minna etter gamal busetjing.
I skogane og heiområda i Nissedal finn ein heile 1750 større og mindre vatn. Det er eit eldorado for dei badeglade, og på Fjone finn ein kilometerlange sandstrender. Her er også gode vilkår for kanopadling, båtsport og fiske i vatna og elvane.
Klimaet er svært bra, og terrenget innbyr til turgåing, sommar som vinter.
Næringslivet i kommunen er variert. Viktige næringar er industri og handverk, handel, reiseliv og turisme og hytteutbygging.