Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Nye nettsider:

Vi har lansert nye nettsider. Det er framleis informasjon, lay-out og funksjonar vi jobbar med å fullføre. Har du tilbakemeldingar kan du sende e-post til post@kviteseid.kommune.no

Spesialundervisning

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Viss du som forelder er bekymra for at barnet ditt ikkje får godt nok utbytte av opplæringa, kan du krevje at skulen undersøkjer om barnet treng spesialundervisning.
 
Spesialundervisning er eit tilbod skulen har for elevar som treng noko anna enn den vanlege undervisinga. Spesialundervisning er ein rett, men det må gjerast ei fagleg vurdering før retten inntrer. Det er den pedagogiske-psykologiske tenesta som gjer den faglege vurderinga.
 
Spesialundervisning kan til dømes vere at eleven jobbar etter andre læringsmål enn andre elevar, at ein lærer eller assistent følgjer opp eleven i klassa eller at eleven får særskilt tilpassa utstyr.

Målgruppe

Elevar i grunnskule og vidaregåande skule

Kriterium/vilkår

Skulen har plikt til å vurdere og eventuelt prøve ut tiltak for å sikre deg eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa før pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta) gjer ei sakkunnig vurdering.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa

Lover og retningslinjer

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå spesielt opplæringslova kap. 5 Spesialundervisning

Lover

Opplæringslova

___

Rettleiing - korleis få utført

Du eller foreldra dine kan krevje at skulen gjer dei nødvendige undersøkingane for å finne ut om du treng spesialundervisning og kva for opplæring du eventuelt treng.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Sektor for skule og barnehage
Postadresse:Kviteseidgata 13 3850 KVITESEID
Besøksadresse:Kviteseidgata 13 3850 KVITESEID

Andre opplysningar

Oppdatert:2019-08-21 14:07