Straumsnes har 1.- 4. trinn og skuleåret 2019 - 2020 er det 9 elevar tilsaman på skulen. Straumsnes oppvekstsenter skal vere eit oppvekstsenter der læringsmiljøet er trygt og inkluderande. Alle klasser har uteskule timeplanlagt ved Straumsnes. Vi ynskjer  å leggje til rette for god fagleg og sosial innlæring både for kvar einskild og saman med andre. Alle elevar skal bli sett. 

Hausten 2019 set lærarar og elevar i gang med læringsbrett for å legge ennå betre til rette for kreativitet, god kommunikasjon og varierte arbeidsoppgåver. 

Gut som dreg kjelke

Skulefritidsordning (SFO) og leksehjelp

SFO er eit tilbod til alle elevane på 1.-4. trinn. SFO skal vera ein stad for leik og læring, og SFO legg til rette både for frileik inne og ute og organiserte aktivitetar. SFO serverer eit måltid kvar dag. På onsdagar, som er heildagstilbod på SFO, er SFO for alle elevar i kommunen på Kviteseid skule. 

Opningstider for SFO

Måndag - tysdag: 

Onsdag: 07:30-16:30 (på Kviteseid skule)

Torsdag-fredag: 

Leksehjelp, for elevane som melder seg på dette, er i SFO-tida. Leksehjelp er eit tilbod til elevar på 2.-4. trinn. Leksehjelp er eit gratistilbod. 

Du finn søknadsskjema til SFO nedst på denne sida under "Skjema".