Barnehagen er opptatt av å møte barna med omsorg, respekt og anerkjenning. Dei vaksne må vera gode rollemodellar for barna, slik at haldningane og handlingane gjev barna gode verdiar som dei tar med vidare i livet. Vi ser på barna som kompetente, og legg vekt på at dei har rett til å uttrykkje seg og delta, samstundes som alle tar ansvar for kvarandre. 

Kvardagen i barnehagen skal planleggjast, dokumenterast og vurderast. Gjennomføringa av planar må vera så fleksible at det er rom for spontanitet og medverknad frå barna. 

Barna i barnehagen på Straumsnes har kvar sin perm der personalet set inn foto, eigenproduserte bilder/ kunstverk og ymse andre ting vi har gjort.

Barnehagen si pedagogiske verksemd

Barnehagen er ein pedagogisk insitiusjon, som bygger på eit verdigrunnlag. Barnehagen har til føremål å ta i vare barn sitt behov for omsorg, leik, danning og læring. Barn skal medverke i kvardagen sin, og barnehagen skal samarbeide med heimen. Dette og meir kan du lese om i rammeplanen til barnehagen. Korleis dei ulike barnehagane legg til rette for rammeplanen, kan du lese om i årsplanen til den einskilde barnehagen. 

Rammeplan for barnehagen

Bilderesultat for rammeplanen