Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Brann- og feiarvesenet skal sørgje for feiing og tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Det er ditt ansvar som bygningseiar å sikre tilkomst til og på taket. Dersom du har installert eit nytt eldstad eller gjort vesentlege endringar må du melde frå til kommunen.

Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørgje for sikker tilkomst til og på taket. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørgje for at det er ein stige tilgjengeleg.

Brosjyrer:
Informasjon Feiing og tilsyn 2021 Lenke til et annet nettsted.
Kontaktinformasjon Vest- Telemark brannvesen Lenke til et annet nettsted.
Kontaktinformasjon fararane Lenke til et annet nettsted.


Lovar og retningsliner:
Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta. Sjå òg brann- og eksplosjonsvernlova § 11 Brannvesenets oppgaver og forskrift om brannforebygging § 6 og § 17.

Brann- og eksplosjonsvernloven Lenke til et annet nettsted.
Forskrift om brannforebygging Lenke til et annet nettsted.
Veiledning til forskrift om brannforebygging


Eigarar av heilårsbustader med pipe/eldstad som er registrerte i eigedomsregisteret i kommunen, vil automatisk bli kontakta. Du får til vanleg levert varsel om feiing eller tilsyn i postkassa di dagen før. Dersom tidspunktet ikkje høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren. Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på annan måte gjeve klar melding om at det kan feiast), vil det ikkje bli feid. Dersom du ikkje har gjort ny avtale medan feiaren er i området, må du rekne med å vente til neste runde. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogleg!

Førebyggjande brannvern, herunder feiing og branntilsyn ligg til nå til Vest-Telemark brannvesen for alle kommunane i Vest-Telemark. Beredskapen ligg som tidlegare i kvar kommune. Brannmannskapa er deltidstilsette med arbeidsavtaler med kommunane.

Er du ikkje nøgd med dei tenestene feiarvesenet gjer, så ta kontakt med kommunen. Klageinstans for vedtak som er gjort av brannsjefen, er klagenemnda i kommunen.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?