Følgjekort / Ledsagerbevis
Med følgjekort kan du ha med følgje gratis eller til lågare pris på kulturarrangement, fritidsaktivitetar og kollektivtransport og andre stader som har innført ordninga. Du kan søkje om følgjekort dersom du har ei funksjonsnedsetjing som er forventa å vare i minst to år.
Det er eit personleg kort som du søkjer om i kommunen der du bur. Kviteseid kommune tilbyr no eit digitalt kort du kan ha på telefonen, men det er framleis mogleg å ha eit fysisk kort (plastkort).
Målet med følgjekortordninga er auka deltaking og likestilling i samfunnet. Du finn meir informasjon hos Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Kven kan få følgjekort?
Du kan få følgjekort dersom du har ei fysisk eller psykisk funksjonsnedsetjing som er forventa å vare i meir enn to år. Når du søkjer, må du dokumentere behovet, til dømes med ein uttale frå fastlegen om at du treng følgje for å kunne delta på aktivitetar. Dokumentasjonen må vere nyare enn 6 månader gammal, med mindre det gjeld ei varig funksjonsnedsetjing.
Følgjekort kan vere aktuelt for personar med:
- rørslevanskar
- nedsett høyrsle eller syn
- utviklingshemming
- enkelte psykiske lidingar
- kroniske sjukdomar som alvorleg hjarte- eller lungesjukdom
- demens
- andre langvarige sjukdomar eller utfordringar
Små barn kan få kort dersom dei har eit vesentleg større behov for hjelp enn andre på same alder, slik at deltaking fører til ekstra utgifter.
Høg alder åleine gjev ikkje rett til følgjekort – det er alltid behovet som avgjer.
Kvar kan eg bruke følgjekortet?
Arrangørar som godtek følgjekort, vil ofte informere om dette på nettsidene sine og ved inngangen til arrangement. Kulturarrangørar som får statlege tilskot, er som hovudregel forplikta til å tilby følgjebillett.
Døme på stader du kan bruke følgjekortet:
- kommunale konsertar, kino, utstillingar og andre kulturtilbod
- aktivitetstilbod og idrettsarrangement
- kollektivtransport
Følgjekortet gjeld i heile Noreg, men du må sjølv sjekke om ordninga gjeld på arrangementet, aktiviteten eller transportmiddelet du ønskjer å bruke.
Korleis bruker eg det digitale følgjekortet?
Når søknaden er godkjend, kan du sjå følgjekortet i Ledsagerbevis-appen eller i nettlesaren.
Slik gjer du:
- Last ned appen frå App Store eller Google Play.
- Logg inn med telefonnummeret ditt og eingongskoden du får tilsendt.
- No er følgjekortet klart til bruk!
Som administrator i appen kan du dele kortet med familie og følgjarar etter behov. For å dele legg du inn namn og telefonnummer i appen. Dei du deler med, kan sjå kortet i appen på sin eigen telefon.
Har du ansvar for fleire personar – til dømes barn med hjelpebehov – kan alle korta samlast og administrerast i same app.
Korleis søkje om følgjekort?
For å søkje om følgjekort kan du gå inn på ledsagerbevis.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Du må da søkje opp Kviteseid kommune i feltet "sjekk om kommunen din tilbyr digitalt kort"
Du vil da få opp eit felt nedanfor der du kan søkje elektronisk i Altinn.
Om du skulle ha spørsmål ta kontakt med tenestekontoret.
Det er også moglegheit for å søkje via kommunen sitt søknadskjema på papir ved å trykke på lenkja under:
SØKNADSSKJEMA OM HELSE- OG OMSORGSTENESTER - på papir docx, 47 kB.
Sist oppdatert