Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Fysio- og ergoterapitenesta

Fysio- og ergoterapitenesta er ei teneste for personar i alle aldre, og kan bli gjeven i heimen, ved helsestasjon, barnehage/skule, institusjon eller i tenesta sine lokaler på Kviteseid omsorgssenter. Tenesta har fokus på å fremje helse, førebyggje sjukdom/skade, kartleggje, leggje til rette for aktivitet og deltaking, og følgje opp undersøkingar og behandlingar. Det kan vere individuell behandling eller gruppebehandling. 

I den kommunale fysio- og ergoterapitenesta er det to fysioterapeutar, ein ergoterapeut og ein fysioterapeut med driftsavtale. Tenesta er også med i kommunen sitt meistringsteam.

Vilkår

Det er ikkje behov for henvisning fra lege eller sjukehuset, du kan ta direkte kontakt med fysioterapeut. Fysioterapeuten vil gjere ei undersøking og ei faglig vurdering av behovet og behandlingsform.

Når du går til fysioterapeut må du betale ein egenandel, båe om du går til privat med driftstilskot eller kommunal fysioterapeut. Egenandelen teller med i opptjeningen til frikort for egenandelstak 2. Fritak for betaling av egenandel er for barn under 16 år, personer med frikort tak 2 og for personer med godkjent yrkesskade

Her finn du meir informasjon om betaling og frikort.  Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?