Rask Psykisk Helsehjelp Vest-Telemark
Kort fortalt:
- Tilbodet er for personar over 16 år busett i Vest-Telemark med symptom på mild til moderat depresjon, angst, søvnvanskar og begynnande rusproblem.
- Hjelpa er basert på kognitiv terapi og eignar seg for deg som ynskjer å jobbe med deg sjølv. Tilbodet er kortvarig.
- Tilbodet omfattar ikkje alvorlege psykiske lidingar, rus- eller sjølvmordsproblematikk.
- RPH er ikkje eit akutt-tilbod. Ved behov for akutt hjelp ring fastlege eller legevakt 116 117.
Kva er Rask Psykisk Helsehjelp?
Rask Psykisk Helsehjelp (RPH) er eit gratis tilbod. Du tek sjølv kontakt, utan tilvising frå fastlege. Det er viktig med høg grad av motivasjon, og ynske om endring for å kunne nyttiggjera seg tilbodet.
Helsehjelp frå RPH er basert på kognitiv terapi og eignar seg for deg som ynskjer å jobbe med deg sjølv. Formålet er å lære nye strategiar for å meistre utfordringar i livet. Terapien rettar seg mot problemløysing og innsikt i samanhengen mellom tankar, handlingar, kjensler og åtferd
Les meir om kognintiv terapi her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Hovudtilboda hos RPH er kurs og rettleia sjølvhjelp. I nokre tilfelle tilbyr me eit kortvarig samtaleforløp.
Me har som helsepersonell plikt til å føre journal når du mottar helsehjelp.
Kven er me?
Rask Psykisk Helsehjelp er eit tverrfagleg samansett team i Vest-Telemark, med brei og god kompetanse. Alle tilsette har lang erfaring frå å jobbe med psykiske helseutfordringar i kommune- og spesialisthelsetenesta. Alle tilsette har også vidareutdanning i psykisk helse/rus og kognitiv terapi..
Avdelingsleiar er Eva Margrethe Ellingsen,
telefon 47 63 56 99
e-post: eva.ellingsen@seljord.kommune.no
Kven passar tilbodet for?
Tilbodet er for deg som er over 16 år, bur i Vest-Telemark og som:
- har psykiske plager i lett til moderat grad, som angst, nedstemtheit, søvnvanskar eller stress
- har relativt nye plager som du ynskjer hjelp til å handtere
- er motivert for å jobbe med eigne tankar og kjensler, og ynskjer å delta aktivt i eiga endring
Når passar ikkje tilbodet?
Rask psykisk helsehjelp er eit lågterskeltilbod for milde til moderate psykiske plager. For enkelte kan det vere behov for meir omfattande hjelp enn det me tilbyr.
- har alvorlege psykiske lidingar eller omfattande diagnosar
- har langvarige og store utfordringar med rus
- har fått mykje behandling tidlegare, allereie er i behandling, eller ventar på behandling
- har samansette vanskar og treng langvarig oppfylging
- primært ynskjer hjelp med relasjonelle utfordringar (f.eks. samliv, familie, sosialt nettverk)
Dersom du ikkje er i målgruppa for Rask psykisk helsehjelp, vil me hjelpe deg vidare til rett instans. Det kan til dømes vere avdeling for psykisk helse og rus i kommunen, fastlegen din, Familievernkontoret, spesialisthelsetenesta eller andre aktuelle tilbod.
- Tilbodet vårt passar ikkje for personar som:
Våre tilbod - kurs og grupper
Introduksjon til kognitiv terapi
Dette er eit praktisk, lett tilgjengeleg lavterskelkurs for deg som ønskjer betre forståing av eigne tankar, kjensler og mønster – og kva du sjølv kan gjere for å få det betre i kvardagen.
Kurset gir ei innføring i kognitiv terapi, og du blir kjend med sentrale verktøy og modellar som kan hjelpe deg å handtere utfordringar på ein meir hensiktsmessig måte.
Kurset passar for deg som opplever lette til moderate plager som stress, uro, angst, nedstemtheit eller søvnvanskar – og som ønskjer konkrete verktøy for å meistre dette betre.
Du treng ikkje tilvising, og det er ingen krav til forkunnskapar.
Tema i kurset
- Kva er kognitiv terapi
- Nedstemtheit og depresjon
- Angst
- Grubling og bekymring
Dette vil du lære
- Enkle og effektive verktøy frå kognitiv terapi
- Korleis handtere angst og nedstemtheit
- Auka forståing av depresjon og sjølvkritikk
- Teknikkar for å redusere grubling og bekymring
Tilråding
Vi tilrår å starte med dette kurset dersom du vurderer oppfølging hos Rask psykisk helsehjelp. Kurset gir eit godt grunnlag og kan for mange vere tilstrekkeleg hjelp i seg sjølv.
Meld deg på via kontaktskjemaet på sida til Rask psykisk helsehjelp.
_______________________________________________________________________
«TANKEVIRUS»
Tankevirus er ein premiert metode (Helseprisen 2016) som blir retta mot førebygging og tidleg behandling av lette til moderate psykiske plager. Tankevirus er basert på normalpsykologi og grunnprinsipp frå metakognitiv og kognitiv åtferdsterapi, og beskriv logiske feilslutningar som ulike "tankevirus" som kan bli kan behandla med "psykologiske vitamin." Les meir her, på www.tankevirus.noLenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Lenke til et annet nettsted.
Tankevirus er eit kurs for deg som ynskjer å lære om korleis tankar og merksemd påverkar korleis du har det.
Kurset går over 3 gonger, ca. 1,5 time kvar gong
- Samling 1: Vårt psykologiske immunforsvar
- Samling 2: Tankevirus
- Samling 3: Psykologiske vitamin
Påmelding:
Meld deg på kurs og grupper i skjemat som ligg under Kontakt. For informasjon eller spørsmål, ta kontakt med oss på oss på e-post: rph@vest-telemark.no eller ring oss på telefon 906 70 130. Kurset er gratis
_______________________________________________________________
«STÅ OPP» SØVNBEHANDLING
Tilbodet er for deg som har langvarige søvnvanskar / insomni.
Behandlinga er basert på kognitiv åtferdsterapi, som er anbefalt behandlingsmetode for personar med langvarige søvnvanskar. Kjerneelementa til behandlinga er søvnrestriksjon og stimuluskontroll. Dette er velkjende og godt dokumenterte metodar i behandling av kroniske søvnvanskar. Behandlingsprogrammet er og kvalitetssikra gjennom systematisk innsamla data i samarbeid med Folkehelseinstituttet, og resultata er presenterte i ein vitskapleg artikkel i Tidsskrift for Norsk psykologforeining, august 2020.
Tilbodet består av totalt sju samlingar, med opplæring i søvn, søvnrutiner, og kva endringar du kan gjera for å få betre søvn.
Behandlinga er krevjande for deltakarane, men effektiv. Det er viktig at du er motivert, og klar til å gjere endringar i søvnen. Du jobbar på eigehand med det du har lært i gruppa mellom samlingane.
Påmelding:
Meld deg på kurs og grupper i skjemat som ligg under Kontakt. For informasjon eller spørsmål, ta kontakt med oss på oss på e-post: rph@vest-telemark.no eller ring oss på telefon 906 70 130. Kurset er gratis
Du kan lese meir om Stå opp søvnbehandling her:
Rettleia sjølvhjelp
Rettleia sjølvhjelp inneber arbeid med oppgåver på eigehand, i kombinasjon med oppfylging frå ein terapeut. Ein kan bruke ulike typar verktøy: bøker, videoar eller sjølvhjelpsprogram.
Rask Psykisk Helsehjelp Vest-Telemark nyttar seg av assistert sjølvhjelp, som inneheld ulike sjølvhjelpsprogram på nett. Desse programma er basert på kognitiv terapi, og gir eit godt høve til å tileigne seg ny kunnskap og få konkrete verktøy til å handtere ulike utfordringar.
Programma er delt inn i 6 modular, og ein jobbar sjølv gjennom kvar modul. RPH tilbyr oppfylging i programma i Assistert sjølvhjelp, som inneber at ein får rettleiing av ein terapeut mellom kvar modul.
Les meir om assistert sjølvhjelp her. Lenke til et annet nettsted.
Individuelle samtaler
I nokre tilfelle tilbyr me kortvarige samtaleforløp. Her er det og fokus på kognitive verktøy og arbeidsoppgåver/fokusoppgåver mellom kvar samtale.
Sist oppdatert