Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Kommunale næringsfond

Kviteseid skal vere ein offensiv, næringsvenleg kommune som er ein god stad å etablere seg og drive næring, bu og vekse opp i.

Dersom du går med planar om å starte eiga verksemd, eller driv ei verksemd og ynskjer vidareutvikling, kan du søkje næringsfondet i Kviteseid kommune. Fondet vert disponert i samsvar med vedtekter for nærinsfonda.

Hovudsatsingsområde er reiseliv, informasjons- og kommunikasjonsteknologi og utvikling av kommunesenteret.

Søknadar til næringsfondet blir handsama i formannskapet (under kr. 100 000) og sendt vidare til kommunestyret (over kr. 100 000). Sakene blir sendt ut til politikarane ei veke før kvart formannskapsmøte sjå møteplan. Sakshandsamar må ha minst ei veke skrivefrist.

Fritt næringsfond er inntekter frå sal av konsesjonskraft. Her nytter Kviteseid kommune framlegg til fellesvedtekter frå Vinje kommune. Dette blei vedteke i formannskapssak 61/16 og kommunestyresak 36/16. Framlegget er tufta på "Avtale om disponering av konsesjonskraft" mellom Telemark fylkeskommune og kommunane Fyresdal, Nissedal, Seljord, Tokke, Vinje, Kviteseid, Tinn og Hjartdal. 

Avtale om disponering av konsesjonskraft.pdf Pdf, 2 MB, åpnes i nytt vindu.

Vedtekter fritt næringsfond Pdf, 106 kB, åpnes i nytt vindu.

For bunde næringsfond, konsesjonsavgiftfondet, har kommunestyre vedteke å nytte standardvedtektene frå Kommunal-og regionaldepartementet (Nå Kommunal og moderniseringsdepartementet) iflg. Rundskriv H-1/11 og "Utfyllande reningsliner til vedtekter for bruk av det bunde næringsfondet i Kviteseid kommune". Vedteke i formannskapssak 62/17 og kommunestyresak 36/17.

Rundskriv H-1/11 Lenke til et annet nettsted.

Utfyllande retningsliner til vedtekter for bruk av det bunde næringsfondet i Kviteseid kommune.docx Word, 20 kB, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?