Tilgjengelegheitserklæringar

Tilgjengelegheitserklæringa er fyrst og fremst til for brukaren. Den viser brukaren i kva grad ein nettstad er universelt utforma. Brukaren får informasjon om eventuelle brot på krava, kva utfordringar det fører til og forklaring på kvifor verksemda ikkje følger regelverket.

Tilgjengelegheitserklæringa vil sørge for at verksemda set seg inn i krava og har eit bevisst forhold til om ein følger regelverket eller ikkje. Å få opp status hjelper verksemda å prioritere universell utforming. Via tilbakemeldingsfunksjonen får verksemda tilbakemeldingar frå reelle brukarar om kva problem og utfordringar dei møter. Verksemda skal bruke tilbakemeldingane dei får til å forbetre universell utforming og auke etterlevinga av krava.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?