Driveplikt på landbrukseigedom - søknad om fritak
Er du eigar av ein eigedom med jordbruksareal, har du plikt til å sørgje for at jorda blir driven i heile eigartida. Driveplikta kan oppfyllast ved at du sjølv driv arealet eller leiger bort arealet minimum ti år om gongen. Er du ny eigar, må du innan eitt år ta stilling til om du ønskjer å drive arealet sjølv eller leige det bort. For å få fritak frå driveplikta, må du sende søknad til kommunen. Kommunen kan gi fritak for ei viss tid eller varig. Det kan også stillast vilkår for fritaket.
Målgruppe:
Eigarar av jordbruksareal (som omfattar fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite)
Vilkår:
Kommunen vil leggje vekt på:
- Kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd
- Arealets storleik og avkastningsevne
- Om det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i det området der eigedomen ligg
- Søkjarens livssituasjon
Lovar og retningsliner:
Jordlova §§ 8 og 8a Lenke til et annet nettsted.
Forvaltningsloven Lenke til et annet nettsted.
Driveplikten etter jordloven (rundskriv) Lenke til et annet nettsted.
Søknadsprosessen:
- Vedlegg - kart over eigedommen
Søknadsfrist:
Innan eitt år frå overtakingsdato.
Høve til å klage
Både du som søkjar og andre med rettsleg klageinteresse kan klage viss du eller de er misnøgde med vedtaket. Fristen er tre veker frå vedtaket er teke imot. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen som avgjer om klaga skal takast til følgje.
Sist oppdatert