Plante- og honningproduksjon - klimaavhengige skader
Du kan søkje om erstatning for produksjonssvikt som er forårsaka av klimatiske forhold. Ved klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon kan det gjevast erstatning ved:
- Avlingssvikt
- Svikt i honningproduksjonen
Erstatningsordningane har som føremål å redusere økonomisk tap som det ikkje er mogleg å sikre seg mot.
Klimatiske forhold kan vere:
- Tørke
- Store nedbørsmengder
- Flaum
- Frost
- Dårleg blomstring for honningproduksjon
Målgruppe:
Landbruksføretak som:
- Er registrerte i Einingsregisteret
- Driv vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar
Vilkår:
Ordninga gjeld dersom:
- Skadane er grunna klimatiske forhold (vêret) som det ikkje er mogeleg å teikne privat forsikring mot.
- Føretaket driv fagleg forsvarleg, og hindrar og avgrensar skadane mest mogleg.
- Du kan dokumentere årsakssamanheng mellom skaden og klimatiske forhold.
- Du gir melding til kommunen straks du får mistanke om at det kan bli skade.
Lovar og retningsliner:
- Forvaltningsloven Lenke til et annet nettsted.
- Jordlova Lenke til et annet nettsted.
- Forskrift om klimabetingede skader i plante- og honningproduksjon (Sats- og beregningsforskriften) Lenke til et annet nettsted.
- Forskrift om klimaskader i plante- og honningproduksjon (erstatningsforskriften) Lenke til et annet nettsted.
Søknadsprosessen:
Du søkjer om erstatning ved å fylle ut eit skjema frå Landbruksdirektoratet. Skjemaet sender du til kommunen.
Skjema:
- Avlingssvikt - klimabetingede tap Lenke til et annet nettsted.
- Erstatningsordningane i landbruket Lenke til et annet nettsted.
- Søknad om erstatning for svikt i honningproduksjon Lenke til et annet nettsted.
Søknadsfrist:
Erstatning ved skadar i plante- og honningproduksjon:
- ved avlingssvikt, 31. oktober det året skaden har oppstått
- ved svikt i honningproduksjon må du melde frå før slynging og seinast innan 15. september
Høve til å klage:
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom Fylkesmannen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Landbruksdirektoratet, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Sist oppdatert