Jegerprøven

Vil du jakte eller drive fangst, må du fyrst ta jegerprøva. Prøva består av eit obligatorisk kurs og ein elektronisk eksamen. Det obligatoriske jegerprøvekurset går over 30 timar og er lagt opp med både teori og praksis. Etter at kurset er gjennomført, kan du ta ein elektronisk eksamen som kommunen arrangerer. Alle jegerprøveeksamenar gjennomførast elektronisk.

Målgruppe:
Personar som i kalenderåret fyller 14 år (gjeld småvilt) eller 16 år som ynskjer å drive jakt eller fangst.

Vilkår:
Jegerprøva kan takast av alle som i kalenderåret er 14 år eller eldre. Opplæringsjakt på småvilt kan skje frå fylte 14 år til fylte 16 år. (Ein treng ikkje ha teke jegerprøva.) Opplæringsjakt på storvilt kan skje frå fylte 16 år til fylte 18 år. (Her blir det kravd at ein har klart jegerprøva, og at ein har teke skyteprøa for dei artane som det blir kravd for.)

Pris:
Når du skal gå opp til eksamen, må du betale eit eksamensgebyr på 300 kroner. Gebyret skal betalast elektronisk til Miljødirektoratet:

http://jegerproveeksamen.no/for-kandidater/ Lenke til et annet nettsted.

Brosjyrer:

Partnarar:
Studieorganisasjonar, vanlegvis lokallaga til Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Lovar og retningsliner:
Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst Lenke til et annet nettsted.

Søknadsprosessen:
Kommunen arrangerer elektronisk eksamen. Dette blir kunngjort i lokalavisa. Kursarrangør/lærar har oversikt over eksamensdatoane.

Skjema:
Registrer deg som jegerprøvekandidat Lenke til et annet nettsted.

Høve til å klage:
Du kan ikkje klage på ein eksamen du ikkje har klart. Du kan gå opp til ny eksamen og betale eksamensavgift for kvart forsøk.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?