Beredskap

Bilde viser kva ein trener i ein naudsistuasjon

Kommunestyret vedtok ny overordna beredskapsplan for kommunen. Ein viktig plan som vil styre beredskapsarbeidet framover.

Leia av ein kriseleiingsstab som består av personar som i kraft av si stilling, politisk eller administrativt, har kunnskap og/eller myndigheit til å setje i verk tiltak raskt og effektivt.
Kriseleiingsstaben er leia av rådmann.

Ordførar/varaordførar har plass i staben. Ordførar representerar høgste myndigheit for å taka avgjerder i høve til å kunne overskride budsjett i krisetilfelle.

Kriseleiinga sett i gang tiltak, koordinerer alle involverte partar, og har ansvar for informasjon til innbyggjarane.

Kommunal heimeside vil vere sentral kommunikasjonsplattform i slike tilfelle.

 

Kontakt med kriseteamet kan formidlast gjennom legevakt, politisentrak, brannvesen og ambulansetenesta.

Plan for utdeiling av jodtablettar

Informasjonsbrev til føresette om utdeling av jodtablettar

 

Aktuelle lenker

Beredskap er eit kontinuerleg arbeid og oppdatera planverk er viktig. Vel så viktig er det å trene på å takle uønska hendingar samt informere om kva ein må gjere når hendingar skjer.

I ny beredskapsplan er det instruksar om kva kommunen skal gjere når hendingar/ulykker oppstår. Dette er informasjon som er almen nyttig og derfor er beredskapsplanen tilgjengeleg for alle.

Eit viktig punkt er oppmøtestad når både straum, nett og mobil ikkje fungerar (EKOM-utfall) og ein treng hjelp.

Frå planen kan ein lese:

Kommunikasjon med innbyggjarane og besøkande i kommunen

Ved bortfall av EKOM (straum, mobiltelefon, naudnett) vil det vera ein utfordring med kommunikasjon med innbyggarane og besøkande i kommunen. Kviteseid omsorgssenter (KOS) skal vera den staden der alle i kommunen kan ta fysisk kontakt om ein ikkje får kontakt via mobil eller sikringsradio.

KOS skal vera bemanna med sikringsradio (kanal 8) og naudnetterminal. Naudetatar skal møte opp på KOS for å vera i beredskap. KOS skal vera forsterka med ein brannkonstabel.

Kriseleiing skal vurdere om brannstasjon skal bemannast. Får hendinga ei varigheit utover 12 timar skal det opprettast vakt/mottak på Straand hotell og Morgedal hotell.

Eigenberedskap er viktig. Kan du klare deg i heimen om straumen er vekk i fleire dagar. På www.sikkerhverdag.no Lenke til et annet nettsted. finn du tips på kva du bør ha heime om det oppstår ei krise eller ei uønska hending.

Seljord legevaktsentral / Legevaktsentral for Kviteseid og Seljord
Telefon: 35 05 00 05 / 116 117
Adresse: Helsesenteret, Ingrid Slettens veg 16, 3840 Seljord

Ved livstrugande tilstandar eller ulukker, ring 113
Kommunane Seljord og Kviteseid har organisert legevaktsamarbeid på kveld og helger.
På dagtid kl 08.00-15.00 kan folk vende seg til kommunelegekontora på lokale telefonnummer.

På natt går alle meldingane til legevaktsentralen på Notodden, pasientane ringer lokalt nummer som vert vidarekopla.
Vakthavande lege er er i heimevakt i Seljord/Kviteseid, med utrykningstid på ca 20 min.

Opningstider Seljord legevaktsentral:

  • Kvardagar sommarstid 1.5.-30.9. kl 15.15 – 22.45
  • Vinterstid 1.10.-31.5. kl 15.30 – 22.45
  • Alle helgar og høgtidsdagar kl 08.00 – 22.45

Opingstider Notodden legevaktsentral:

  • Alle dagar kl 22.45 – 08.00

Telefon Notodden legevaktsentral: 35 05 00 05 (for pasientar frå Seljord og Kviteseid

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?