Eksempel på slike tiltak

  • Bygge nye bygningar, konstruksjonar eller anlegg, eller større tilbygg, påbygg eller underbygg til desse
  • Vesentlege endringar eller vesentlege reparasjonar av eksisterande bygningar, konstruksjonar eller anlegg
  • Fasadeendringar
  • Bruksendringar eller vesentleg utvidelse av/vesentleg endring av tidlegare drift av bygningar, konstruksjonar eller anlegg
  • Riving av bygningar, konstruksjonar eller anlegg
  • Oppføring, endring eller reparasjon av bygningstekniske installasjonar
  • Oppdeiling eller samanføying av brukseiningar i bustadar, samt ana ombygging
  • Oppføring av innhegning mot veg
  • Plassering av skilt- og reklmaeinnretningar
  • Plassering av midlertidige bygningar, konstruksjonar eller anlegg
  • Større terrenginngrep, og anlegg av vegar og parkerings-/landingsplassar

Søknad

Søknadsskjema for tillatelse til tiltak (blankett 5174) samt alle andre nødvendige vedlegg (sjå liste i søknadsskjemaet) kan du finne på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet.

  • Opplysningar om ytre rammer og bygningsspesifikasjon (blankett 5175).
  • Bustadspesifikasjon i matrikkelen dersom tiltaket omfattar bustader (blankett 5176).
  • Skjema for nabovarsel (blankett 5155 og 5156). Blankett 5154 skal sendast til naboar.
  • Situasjonskart i målestokk 1:500 evt. 1:1000 der tiltaket er innteikna.
  • Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar i målestokk 1:100 evt. 1:50 (gamal og nye).
  • Dersom tiltaket er avhengig av dispensasjon/uttale/vedtak frå anna myndigheit (som Statens vegvesen, landbruk, Arbeidstilsynet), bør denne vere avklart på førehand.
  • Ved bygging over 300 m2, endring/reparasjon over 100 m2, eller riving over 100 m2 skal det utarbeidast avfallsplan/evt. miljøsaneringsomtale.
  • Erklæring om ansvarsrett (SØK, PRO, UTF, KTR), evt. søknad om ansvarsrett for sjølvbyggjar. Føretak med sentral godkjenning sender inn kopi av godkjenninga.
  • Signera gjennomføringsplan med oversikt over ansvarsområde inndelt i godkjenningsområde og etter tiltaksklasser, kontrollområder, ansvarlege føretak og gjennomføring av oppgåvene.

 

Merk: Før tiltaket kan bli tatt i bruk, må søknad om ferdigattest eller bruksløyve sendast inn, og behandlas. Signera og oppdatera gjennomføringsplan samt evt. andre vedlegg må følgje med.