Sanitært avløpsvatn

Ved etablering av nye utslepp eller vesentleg auking av eksisterande utslepp er det krav til søknad og innhenting av utsleppsløyve. Søknad om deling av eigedom, oppføring av bygning med innlagt vatn eller innlegging av vatn i eksisterande bygning utløyser krav om utsleppsløyve. Med innlagt vatn meiner ein vatn frå vassverk, brønn, cisterneanlegg eller liknande som gjennom rør eller leidning er ført innandørs.

Søknadsplikta gjeld utan omsyn til avløpsløysing. Det skal søkjast om løyve også når avløpet går til tett tank. Dersom avløpet skal gå til offentleg avløpsnett, må det søkast om ”Tilknytting til kommunalt ledningsnett ”. Installering av vassklosett, dusj, bad, våtrom og liknande vil normalt innebere ei vesentleg auke av eksisterande utslepp og dermed søknadsplikt. Bruksendring frå fritidsbustad til bustad vil også kunne utløyse søknadsplikt.

Oljehaldig avløpsvatn

Ved etablering av nye utslepp eller ved auke av eksisterande utslepp på over 25% er det krav til søknad og innhenting av utsleppsløyve. Ingen kan setje i verk nye utslepp eller auke utslepp vesentleg utan at løyve er gjeve i medhald av Forureiningsforskrifta kap 15. Utslepp etablert før 1.1.07, som ikkje aukast vesentleg, er tillete i den grad dette fylgjer av § 15-10.

Det er krav om prøvetaking av utsleppsvatn frå alle eksisterande oljeutskiljerar. Utsleppskravet er 50 mg/l (olje i vatn). Det blir krav om at alle oljeutskiljerar skal ha prøvekum etter oljeutskiljar for uttak av vassprøve. Veiledar for oljeutskilleranlegg kan fås ved å ta kontakt med kommunen eller Norsk Vann.

Søknad

For søknad om utslepp av sanitært avløpsvatn:

Utsleppsøknad skjema saman med tilhøyrande vedlegg (sjå søknadskjema)

  1. Situasjonsplan i målestokk 1:1000 og 1:5000 med avløpsanlegget med rør og utsleppsstaden innteikna, samt dei partane som etableringa kan ha noko å seie for, herunder interesser knytta til drikkevassforsyning (vassinntak og brønnar), rekreasjon (badeplass eller næringsverksemd).
  2. Skildring av utsleppsstaden (innsjø, elv, bekk, i grunnen etc.).
  3. Storleiken på utsleppet og type (antall personar, gråvatn, svartvatn).
  4. Dokumentasjon på korleis utslepp skal etablerast og drivast (underskriven serviceavtale).
  5. Om utsleppet skal bli etablert og drive i samsvar med krava i forureinsingsføresegna § 12-7 til § 12-13, eller om det blir søkt om å fråvike desse krava.
  6. Kvittering for nabovarsel.

For byggesøknad avløpsanlegg gjeld blankett 5174. Søknadsskjema samt alle andre nødvendige vedlegg (sjå liste i søknadsskjemaet) kan du finne på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet.

For søknad om utslepp av oljehaldig avløpsvatn:

  1. Namn og adresse på ansvarleg søkjar.
  2. Om utsleppet skal etablerast og drivast i samsvar med krava i Forureiningsforskrifta § 15-7 eller om det søkast om å fråvike desse krava.
  3. Dokumentasjon på korleis utsleppet skal etablerast og drivast.
  4. Plassering av avløpsanlegg og utsleppsstad på kart i målestokk 1:1000 eller større.
  5. Skildring av utsleppsstaden og mengde avløpsvatn.
  6. Interesser som ein antar vedkjem etableringa, herunder interesser knytt til drikkevassforsyning, rekreasjon eller næringsverksemd
  7. Oversikt over kven som skal varslast.
  8. Samtykke frå kommunen som planstyresmakt dersom utsleppet er i strid med endelege planar etter plan- og bygningslova.
  9. Kvittering for nabovarsel.

For byggesøknad avløpsanlegg gjeld blankett 5174. Søknadsskjema samt alle andre nødvendige vedlegg (sjå liste i søknadsskjemaet) kan du finne på heimesida til Direktoratet for byggkvalitet.

Om du har spørsmål som gjeld utslepp, ta gjerne kontakt med oss.