Kommunen leverer vatn gjennom det kommunale leidningsnettet til dei bustadene og bygga som er knytte til nettet. Eventuelle krav til slik tilknyting blir normalt avgjort gjennom reguleringsplanen eller ved søknad om byggjeløyve. I område utan kommunal vassforsyning må det bli etablert ei eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gje byggjeløyve utan at vass- og avløpsløysinga er tilfredsstillande.

Kommunen skal varsle forbrukarane om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten, til dømes spyling av leidningsnettet. Sjå annonsar i pressa osb. Kommunen kan gje restriksjonar for å bruke vatn når det er vassmangel. Dersom naudssituasjonar gjer det nødvendig å gjere unntak frå krava til kvalitet, vil du bli informert om situasjonen og om kor lenge den mellombelse vassforsyninga vil vare. Dersom du meiner at kommunen ikkje leverer vatn i samsvar med krava i mellom anna drikkevassforskrifta, kan du reklamere etter forbrukarkjøpslova.

Det offentlege vassforsyningssystemet i Kviteseid er slik:

  • Kviteseid: Vasskjelda er grunnvatn som vert reinsa og overført til eit høgdebasseng. Herifrå vert det slept vidare ut på nettet.
  • Morgedal: Vasskjelda er overflatevatn frå Lintjønn som vert reinsa og ført vidare ut på leidningsnettet.
  • Vrådal: Vasskjelda er brønnar ved Kråkenespollen. Vatnet vert reinsa og overført til leidningsnett og høgdebasseng.

Dei som ikkje er knytt til  den kommunale vassforsyninga får vatn frå private vassverk som dekkjer fleire eller frå eigen brønn; evt borebrønn.

I dei kommunale vassverka blir det teke jamlege vassprøver av vatnet for å syte for at det held den kvaliteten det skal. Avdekker prøvene avvik blir dette retta.

Kjøper du ny (opp)vaskemaskin vil det somme gonger vere aktuelt å stille maskina etter kor hardt vatnet er. På ein skala frå 0-20 der større tal tyder hardare vatn kan du ta som utgangspunkt (målingar hausten 2010) for dei kommunale vassverka Kviteseid: 3,3 Vrådal:3,0 og Morgedal 0,6.

Alle dei kommunale vassverka har beredskapsplanar.

I Kviteseid, Vrådal og Morgedal (privat) er det høgdebasseng knytt til vassforsyninga. Slike høgdebasseng har to viktige funksjonar:

1) Dei syter for at det blir fall i leidningsnettet slik at trykket held seg jamt i dei periodane i døgnet kor det er mykje tapping.
2) Dei representerer ei vassreserve dersom det skulle skje uføresette hendingar med t.d straumforsyning.

Vasslekkasjer på det kommunale leidningsnettet kan skje. Om ein kan sjå eller har mistanke om lekkasje bør ein kontakte teknisk drift så fort som rå. Vasslekkasjer og stenging av vatn vert varsla med SMS-melding.

I tørkeperiodar kan det bli innført vatningsrestriksjonar for dei som er knytt til det offentlege nettet. Bakgrunnen for dette vil oftast ikkje vere vassmangel, men at eit alt for stort forbruk på same tid kan medføre at husstandar i deler av nettet for lågt vasstrykk. Eventuelle slike vatningsrestriksjonar vil bli varsla med sms-melding og på heimesida.


Vasslekkasjar er ein viktig årsak til store skader i hus og hytter. Her er nokre gode råd, utan at desse er uttømande:   

  • Ved nybygg og oppussing er det viktig å fylgje dei krav som er sett til våtrom
  • Syt for at alle i husstanden veit kor hovudkrana i huset er plassert og korleis den verkar.
  • Steng hovudkrana når du er bortreis i lengre tid.
  •  Installer gjerne eigen kran på oppvaskmaskina og bruk krana aktivt. Det er og ein god regel å stenge  vasskrana for vaskemaskina når maskina ikkje er i bruk.
  • Unngå å bruke oppvaskmaskin og vaskemaskin når du ikkje er heime eller vaken. Dette gjeld særleg i rom utan sluk.
  • I kuldeperiodar der det er fare for frost bør du vere særleg aktsom, så som: Syt for at rom der det er rør eller vassinstallasjonar har varme. Er røra tilgjengelege bør du inspisere ved visse mellomrom.
  • Forsikringsselskap og andre sel ulike typer sikringsutstyr som i noko tilfelle og gjev rabatt på husforsikringa di.   

Har du røyr som er frosne bør du kontakte røyrleggar dersom du ikkje får tina opp røyret ved å varme opp romet.

Graving i grunn:

  • Ved graving i grunn i Kviteseid kommune må ansvarleg utførande entreprenør/grunneigar gjere seg kjent med kommunale vassleidningar, spillvassleidningar og overvassleidningar som kan ligge i grunn. Kartinformasjon kan hentast hos Teknisk drift i Kviteseid kommune.
  • Ansvarleg utfarande/grunneigar er erstatningspliktig for eventuell skade som blir påført kommunens leidningsnett ved graving i grunn.
  • Om det skal utførast graving på kommunens grunn skal det søkjast om graveløyve.Dette skjema finn ein på kommunens nettsider under skjema: Skjema

Vilkår
Drikkevatnet som kommunen leverer, skal vere hygienisk forsvarleg, klart og utan dominerande lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde stoff som kan føre til helseskade i vanleg bruk. Avvik i vasskvaliteten som kjem av forhold i det interne leidningsnettet hos ein forbrukar, er normalt ikkje eit kommunalt ansvar. Større mengder brannvatn, til dømes til sprinklaranlegg, vil ikkje nødvendigvis kunne bli levert gjennom dette leidningsnettet, men sikrast på annen måte.

Pris:
Gebyrregulativ vatn og avløp

Brosjyrer:
Tekniske normer for vatn og avløpsanlegg PDF document ODT document