LEDIG STILLING 

Ved Kviteseid skule er følgjande stilling ledig: Årsvikariat som lærar inntil 200 % frå 01.08.24 

Vi søkjer etter dyktige og motiverte medarbeidarar som kan hjelpe oss med å vidareutvikle skulen. 

Arbeidsoppgåver: 

-Undervise i høve til LK20 

-Gje god tilrettelagt undervisning til elevar på ulike faglege nivå 

-Ha ein inkluderande praksis for å få med alle elevar i fellesskapet i klassa både fagleg og sosialt 

-Samarbeide med elevar, kollegaer, føresette og andre instansar for å gje eit best mogleg tilbod til alle elevar 

-Ta aktivt del i skulen sitt profesjonelle læringsfellesskap 

-Bidra til eit godt læringsmiljø 

Kvalifikasjonar: 

-Godkjent pedagogisk utdanning 

-Variert undervisningserfaring 

-Gjerne utdanning og praksis som lærar i småskulen 

-Gjerne formell utdanning innanfor spesialpedagogikk 

-Gjerne formell utdanning for ungdomstrinnet i fleire fag 

Personlege eigenskapar: 

-Du er ein tydeleg og varm klasseleiar, som ser alle elevar 

-Du har fokus på kvalitet og høgt læringsutbytte hos elevane 

-Du har god relasjonskompetanse 

-Du bidreg i personalet med faglege innspel og positiv innstilling i arbeidet 

-Du er bevisst på eigne haldningar og verdiar 

-Du har god fagleg og didaktisk kompetanse 

-Du er løysingsorientert og har god samarbeidsevne 

-Du er omstillingsdyktig og motivert for fagleg utvikling 

-Du bør rekne med å få ansvar innanfor spesialpedagogikk 

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. 

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. 

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. 

Lenke til elektronisk søknadsskjema: Søknad på stilling (VT-1) (kf.no)

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju. 

 

Spørsmål kan rettast til rektor Odd-Arne Thorbjørnsen på tlf. 35055302/ 90839469. 

 

Søknadsfrist: 20.06.24