Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Språkopplæring - særskilt for minoritetsspråklege elevar

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk kan søkje om særskilt norskopplæring til dei har gode nok kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skulen. Dersom det er nødvendig, kan elevane også ha rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Dette kan gjelde nytilflytta og andre minoritetselevar med svært avgrensa norskkunnskapar. Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skule enn den eleven går på.

    Målgruppe

    Elevar frå språklege minoritetar i grunnskule og vidaregåande skule

    Kriterium/vilkår

    • Eleven må ha anna morsmål enn norsk og samisk
    • Eleven har ikkje gode nok kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege undervisninga
    • Det må vere eigna undervisningspersonale i kommunen (dette gjeld morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring)
    aaa
  • Lover og forskrifter

    Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta.

    Sjå

    privatskolelova § 3-5 
    opplæringslova § 2-8 og § 3-12 
    forskrift til opplæringslova kapittel 5 

    Lover

    Opplæringslova
    Privatskolelova

    Forskrifter

    Forskrift til opplæringslova

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Du kan kontakte kommunen (grunnskulen) eller fylkeskommunen (vidaregåande skule) for å få hjelp til å søkje om språkopplæringa.

  • Saksbehandling

    Klagemulighet

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen/fylkeskommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen/fylkeskommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til statsforvaltaren (for elevar i grunnskulen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skule), som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Sektor for skule og barnehage
    Postadresse:Kviteseidgata 13 3850 KVITESEID
    Besøksadresse:Kviteseidgata 13 3850 KVITESEID
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2018-12-03 09:12